Hopp til innhold

Frp reagerer på stopp av gardssal

Frp meiner regjeringa handla feil då dei i siste liten stoppa salet av Løken gard, som den forrige regjeringa la ut for sal.

Landbrukspolitisk talsperson Bengt Rune Strifeldt lurar på om salet kan handle om at statsråd og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum kan ha følelser knytta til garden. Garden er der far til Vedum vaks opp.

– Løken er ein av fleire forsøksgardar rundt om i landet som har blitt lagt ned, så det er litt interessant at Senterpartiet vel å setje søkelyset der, seier Strifeldt.

Landbruks- og matminister Sandra Borch seier Vedum ikkje har påverka avgjerda.

Flere saker fra Innlandet