Hopp til innhold

Vart kasta ut av partiet etter pride­utsegn: – Uakseptabelt

Han meiner mellom anna at det er unødvendig å heise prideflagget. No er han kasta ut av partiet.

Lokalpolitiker Fridtjof Bjerke i Øyer Frp

UTESTENGD: Lokalpolitikar Fridtjof Bjerke i Øyer kommune tek utestenginga frå partiet til etterretning, men meiner leiinga er svak som ikkje tør å stå i ein storm.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Partiet meiner lokalpolitikar Fridtjof Bjerke i Øyer kommune i Innlandet har handla i strid med Framstegspartiet sitt program.

Der står det blant anna:

«Vi tar sterkt avstand frå forskjellsbehandling av menneske basert på kjønn, religion, legning eller etnisk opphav».

Regnbueflagget

Lokalpolitikaren Fridtjof Bjerke meiner mellom anna at det er meir inkluderande å heise det norske flagget, enn prideflagget.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

– Det har Fridtjof Bjerke ved fleire høve handla i strid med, seier leiar av organisasjonsutvalet i partiet, Anni Skogman, til avisa GD.

– Han har ved fleire høve uttalt seg om blant anna homofile på ein måte som er fullstendig uakseptabelt, seier ho vidare.

Synest prideflagging er unødvendig

Bjerke har komme med fleire utsegn som har vekt sterke reaksjonar, blant anna i debatten om det skal flaggast med prideflagg i Øyer kommune.

Også på sin eigen Facebookside har han gitt uttrykk for at han meiner skeive menneske ikkje er normale og at påverknaden deira på samfunnet er skadeleg.

Måndag fekk han beskjed frå partileiinga om at han ikkje lengre får representere partiet.

– Eg tar det til etterretning, seier Bjerke til NRK.

Les også Dette betyr regnbueflagget: – Et variert symbol

Et regnbueflagg flagges på en demonstrasjon mot homofobi, transfobi og bifobi i Berlin 17. mai 2015. 17. mai er den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi.

Han har mellom anna fronta at han meiner vi ikkje treng å flagge med prideflagget i ein månad.

– Vi må ikkje vaske ut det norske flagget. Særleg i barnehage, skule og offentlege bygg. Barn må få lov til å vere barn.

– Men ser du ikkje på pride som inkluderande?

– Nei, på ingen måte. Det er ekskluderande. Det som er inkluderande, er det norske flagget.

Starta opp lokallaget

Han synest avgjerda frå organisasjonsutvalet til partiet om å kaste han ut av partiet, er svak.

– Vi har sett tidlegare når det har storma at partiet har vore for svake. Det er beklageleg. Skal partiet bli sterkt, så må ein tole ein storm.

Bjerke var sjølv med på å starte opp lokallaget til partiet i Øyer i februar i fjor.

Ved valet eit halvt år etterpå, fekk det nystifta lokallaget ei oppslutning på 5 prosent og Bjerke fekk plass i kommunestyret.

Fridtjof Bjerke

Bjerke er ikkje ferdig i lokalpolitikken sjølv om han er kasta ut av Framstegspartiet, seier han.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Han beheld plassen sin i kommunestyret, men utan Frp.

– I første omgang er eg uavhengig, men eg kikkar på andre parti som kan fronte kristne verdiar og moral, seier han.

– Angrar du på utsegnene dine?

– På ingen måte. Eg meiner det er rett å stå for det ein trur på.

Les også Stor økning i hatkrim mot skeive: – Vil bare gi opp

Thee Yezen Al-Obaide, ass. generalsekretær i Salam, en organisasjon for skeive muslimer.

Står i det dei meiner

I ein SMS til NRK skriv assisterande generalsekretær i Frp, Helge Fossum, at partiet står i alt dei meiner.

– Det handlar ikkje om å stå i nokon storm. Det handlar om at når ein representerer partiet, er politikken til det partiet ein formidlar på partiets vegner.

– Det er at Bjerke har brote med det, saka handlar om, skriv han.