ENGASJERT: Fredsprisvinnar Wangari Maathai på Nansenskolen på Lillehammer.
Kven hadde vel trudd at eit tema som skogplanting skulle trekke fleire hundre tilhøyrarar til Nansenskolen på Lillehammer?
Men så var det heller ikkje nokon tilfeldig skogbrukar som sto for forelesinga.
Det gjorde nemleg den kenyanske vinnaren av Nobels fredspris, Wangari Maathai.
Gjenoppbygging av skog
Ein av dei mange som hadde tatt turen for å lytte til Maathai denne kvelden var Svein Larsen.
- Eg har vore i Afrika i 10 år og arbeidd der, så da er dette interessant. Dessutan er eg skogbrukar sjølv, og da kjenner eg temaet, seier han.
Tema for kvelden var "The green belt movement," som er hjartebarnet til Wangari Maathai. Rørsla ho har sett igang, har som mål å gjenoppbygge skogane i Afrika.
Fleire hundre hadde møtt opp for å høyre Maathai prate om skogbruk.
Mykje til felles med Nansenskolen
Ho prøver også å avskaffe fattigdomen som avskoginga har ført til. Nå har prisen gitt ho sjansen til å fortelja om sitt prosjekt til andre.
- Det er fantastisk å kunne stoppe spesielt ved denne skulen. For mykje av det dei lærer bort her, er akkurat det vi prøver å lære bort i "The green belt movement," seier Wangari Maathai.
Rørsla hennar har altså mykje til felles med Nansenskolen. Maathai fortalde i går at mange kenyanske kvinner nå frigjer seg økonomisk ved å jobbe med skogbruk innan organisasjonen.
Engasjerte salen
Som menneske er det kanskje utstråling og varme som slår deg fyrst ved Wangari Maathai. Ho karakteriserer seg sjølv som ein jordnær person. Der i garden er det ingen fine bilar med sota ruter og privatsjåfør, nei ho reiser med tog.
Og trass i store avstandar både i kilometer og kulturelt, sette publikum tydeleg pris på besøket frå Kenya.
- Det er heilt fantastisk. Tenk å få oss til å syngje "Dette vesle ljoset mitt." Det er ikkje alle fredsprisvinnarar som kan koma til Lillehammer og få til det, seier Arne Kristian Lund.