Hopp til innhold

Må kanskje rive trebrua på Flisa: Har mange likskapar med Tretten bru

Brua har vore stengt i snart fire månader. Ekspertar veit ikkje korleis ein skal løyse dette. Kanskje må ein bygge ny bru.

Anne Ingeborg Lilleåsen Nerstad
Foto: Knut Røsrud / NRK

Etter at Tretten bru kollapsa, bestemde Statens vegvesen at 14 fagverksbruer måtte stengast fram til årsakene til kollapsen var klarlagd. Det er no klart at 10 av desse bruene må bli forsterka.

Ein av dei er Flisa bru i Innlandet, som stengde 16. august i år.

Det er funne fleire manglar ved brua i Innlandet og ein må gjere forsterkningar før ein kan sleppe trafikken over igjen.

No har mellom anna Vegdirektoratet og fylkeskommunen vore på synfaring. Der kom det fram at brua i verste fall må rivast og erstattast med ei ny.

– Vi ser det no, etter Tretten-kollapsen, at dåtidas standardar ikkje held mål lengre.

Det seier Anne Ingeborg Lilleåsen Nerstad, som er einingsleiar for spesialproduksjon i Innlandet fylkeskommune.

– Klare likskapstrekk med Tretten bru

Nerstad deltok onsdag på synfaringa ved brua, som vart bygd i 2003.

Ho seier at det er likskap mellom Flisa bru og Tretten bru, der det nettopp er slått fast at det var overbelastning med tanke på bereevna.

– Ja, eg vil seie at det er likskapar mellom desse to konstruksjonane.

– Kan dette tyde på at Flisa bru var underdimensjonert når den vart bygd?

– Ja, det kan tyde på at den var det. Når Tretten bru kollapsa, var den jo ikkje sterk nok.

Flisa brua befaring

MANGE EKSPERTAR PÅ EIN STAD: Under synfaringa deltok Vegdirektoratet, Statens vegvesen og innleigde konsulentar.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Men den vart bygd i samsvar med det regelverket den var prosjektert for.

Difor er det truleg nødvendig med ei regelendring for å finne ut kor sterk Flisa bru må bli.

Nerstad seier også at ein ikkje kan sjå bort frå at rein forsterkning ikkje er nok, og at det må byggast ei heilt ny bru.

Les også Havarikommisjonen: Betydelig overbelastning på Tretten bru

Bilde fra Statens Havarikommisjon.

Frustrasjon over omkøyringsvegar

Det har det komme hard kritikk frå bønder, som har måtta køyre lange omkøyringsvegar. Enkelte har måtte køyre opptil 40 km lengre tur/retur for å levere korn.

Dei fortel at omkøyringsvegen er smal og trafikkfarleg.

Ein oversikt frå Åsnes kommune syner at nær 1900 personar er registrert busett i området der ein kan anta at dei brukar Flisa bru for å komme seg til Flisa sentrum og tilbake.

Innbyggarane er frustrerte, både over lange omkøyringsvegar og manglande informasjon.

Per Victor Nygaard på Flisa bru.

MÅ KØYRE LANGE OMVEGAR: Omkøyringsvegen er smal og trafikkfarleg. Bonde Per Victor Nygaard meiner innbyggjarane hadde akseptert at Flisa bru framleis er stengt om dei berre hadde fått litt meir informasjon rundt saka.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Under synfaringa sa bonde Per Victor Nygaard at informasjonen til no har vore elendig.

– Det er rett og slett veldig lite informasjon om kva som er årsaka. Folk hadde akseptert dette i større grad viss dei hadde fått vite litt meir om grunnlaget for at brua faktisk er stengd, seier han.

Han seier det var ille å måtte køyre så langt under innhaustinga, og at han gruer seg til våronna. Nygaard meiner dei bør få midlertidig bru, slik som dei skal få på Tretten.

– Det betyr ein ekstra omveg på tre kvarter, fort vekk, for å komme på jobb og på butikken, seier Nygaard.

Flisa brua befaring

MANGE EKSPERTAR PÅ EIN STAD: Under synfaringa deltok Vegdirektoratet, Statens vegvesen og innleigde konsulentar.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Også ordførar i Åsnes, Kari Heggelund (Sp) seier kommunikasjonen til tider har vore krevjande. Men ho har forståing for at ein ikkje kan gi konkrete svar eller eit tidsperspektiv for ei løysing i saka.

Men ho er einig i at situasjonen er krevjande for innbyggarane hennar.

Det er ein belastning. Det er klart folk saknar brua si. Det blir tungvint, lengre køyrevegar og det blir upraktisk og krevjande.

Folk har køyrt over brua

I rein frustrasjon valde ein av bøndene i august å køyre over brua medan ho var stengd. Fylkeskommunen varsla melding.

Les også Stengt bru gir bonden to mils omvei – truer med sivil ulydighet

Bonde Ole Andreas Trongaard foran åkeren.

No har bonde Ole Andreas Trongaard fått ei bot på 6000 kroner. Han seier han ikkje vil betale bota.

Seksjonssjef for vegdrift i Innlandet fylkeskommune, Arne Fredheim, seier at gjennomgangen som Statens vegvesen har gjort, saman med vegeigarane og eksterne ekspertar, har gitt dei viktig informasjon om tilstanden på desse bruene.

– Situasjonen er alvorleg for Flisa bru. Den må gjennom ein omfattande reparasjon, for å kunna ha normal trafikk, seier han.

Men Fredheim har forståing for at dei som blir ramma av brustenginga er frustrert. Han seier dei tek til seg den kritikken som har komme rundt informasjon.

– Arbeidet som går føre seg er komplisert og vil ta tid. Det er ei stor ulempe for trafikantane at ei bru blir stengd i lang tid, men tryggleiken må vega tyngst.

– Samtidig skal vi ha god informasjon å komme med, når vi kjem med informasjonen, legger han til.

Arne Fredheim

TEK KRITIKK: Arne Fredheim i Innlandet fylkeskommune, seier dei forstår at folk er frustrerte.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Då NRK var til stades ved synfaringa i dag, var det heilt tydelege teikn i snøen på at det hadde vore køyrt over brua.

– Det er heilt tydeleg at det har vore trafikk. Vi ber folk om å respektere at brua er stengd for køyring. Den er berre open for fotgjengarar, seier Fredheim.

Les også Rektor rystet etter brustenging – Skoleveg ble omkjøringsveg

Rektor ved Brandval skole, Øystein Skoglund, foran Brandval bru

Flere saker fra Innlandet