Hopp til innhold

Bonde fortvilar over mangel på støvmasker

Etterspurnaden på støvmasker er så stor at dei som treng det for å gjere jobben sin, ikkje får tak i det lengre.

Grisebonde Per Bø, står i grisefjøset i Ringebu med støvmaske.

FÅR IKKJE TAK PÅ STØVMASKER: Mangel på støvmasker gjer til at fleire bransjar ikkje får utført jobbar. Grisebonde Per Bø er fortvila over at det er vanskeleg å få tak i støvmasker.

Foto: Privat

– Kva eg gjer? Eg må vel improvisere då.

Per Bø er grisebonde, og grunna mykje støv i fjøset er han avhengig av å bruke støvmaske.

Men sidan februar har det vore vanskeleg å få tak i desse maskene.

Det gjer bonden fortvila.

– Om ein vil passe på helsa si, så bruker ein støvmaske når ein er i fjøset. Det er jo ikkje bra å dra i seg alt dette støvet og trekke det ned i lungene.

Måtte utsette jobbar

Styreleder i Malermestrenes Landsforbund, Tore Knudsen.

KRITISK: Styreleiar i Malermestrenes Landsforbund, Tore Knudsen, fortel at mangel på støvmasker gjer til at dei ikkje får gjort jobben sin.

Foto: Malermestrenes Landsforbund

Mangel på støvmasker påverkar også andre bransjar.

Styreleiar i Malermestrenes Landsforbund, Tore Knudsen, fortel at situasjonen er kritisk.

– Det er heilt avgjerande for oss at vi har tilgang på støvmasker og åndedrettsmasker.

Knudsen har jobba i målarbransjen i 40 år, og seier han aldri har opplevd maken.

– Vi har sjølv måtte utsette blant anna sprøytejobbar fordi vi ikkje fekk tak i åndedrettsmasker. Vi må ha tilgang på godkjente masker for å få jobba.

Hyllene er tomme for støvfiltermasker hos Jula

TOMT: Hyllene var tomme for støvfiltermasker hos Jula i februar. Slik er det framleis mange stader i landet.

Foto: Azad Razei / NRK

Greier ikkje å møte etterspurnaden

Kari Hagen er marknadssjef i Würth som er leverandør av støvmaskar.

Ho fortel at dei får inn slike maskar heile tida, men at dei ikkje har klart å møte den store etterspurnaden.

– Vi kjem nok ikkje til å vere à jour i år, seier ho.

Kari Hagen, marknadssjef i Würth

STOR ETTERSPURNAD: Det er så mange som vil ha tak i støvmasker, at Würth ikkje klarar å møte den store etterspurnaden, fortel marknadssjef Kari Hagen.

Foto: Maciej Krawczyk

P3-maska, som er den mest avanserte støvmaska Würth har, er den som blir seld mest hos leverandøren.

I 2019 blei det seld rundt 25.000 slike. På fire månader i år er det blitt seld i overkant av 55.000.

Også salet av P2-masker, som er berekna mot fint støv, har det blitt seld mykje meir av i år enn tidlegare. I 2019 selde leverandøren 86.000. Hittil i år er det blitt seld 130.000.

Både P2-og P3-masker er anbefalt av WHO som vern mot smitte.

– Kundane er bekymra for tilgangen på munnbind

Gard Eggen er divisjonsleiar i drifts- og vedlikehaldsprodukt i Tess Logistikk. Dei er primært ein leverandør til industrien.

Likevel har dei no også blitt ein aktør for privatmarknaden, ifølge Eggen.

Gard Eggen, divisjonsleder drifts- og vedlikeholdsprodukter i Tess logistikk.

FORTVILAR: Gard Eggen, divisjonsleiar i drifts- og vedlikehaldsprodukt i Tess Logistikk, fortvilar over at mange av kundane, både gamle og nye, ikkje får dei verneprodukta dei skulle hatt.

Foto: ARNE BRAADLAND

– Det tok seg kraftig opp i slutten av februar. Dei partia vi har fått inn har gått ut igjen med ein einaste gong.

Han trur kundane er bekymra for tilgangen på munnbind, og at dei derfor kjøper større parti enn normalt.

Eggen meiner derimot at privatpersonar burde halde seg til vanleg munnbind, slik at dei som treng støvmaskar mest får tilgang.

– Støvmaskar er ofte ein kritisk faktor for helsevesenet og andre samfunnskritiske aktørar. Får dei ikkje støvmaskar, får dei ikkje gjort jobben sin, seier han.

Kan føre til helseskadar

Avdelingsdirektør for arbeidsmedisin og epidemiologi ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, Karl-Christian Nordby, fortel at det luraste er å la jobben vente dersom bedrifta ikkje har nok verneutstyr.

Karl-Christian Nordby

HELSESKADAR: Avdelingsdirektør for arbeidsmedisin og epidemiologi ved STAMI, Karl-Christian Nordby fortel at det kan føre til helseskadar om ein vel å gjera ein jobb utan verneutstyr som til dømes støvmaske.

Foto: Malene Romestrand

– At dei ikkje får tak i støvmasker betyr at det er enkelte arbeidsoppgåver som dei ikkje kan gjere med den same tryggleiken for helse som dei elles har.

Dersom arbeidet ikkje er forsvarleg overfor arbeidsmiljøloven, er det ikkje lov å utføre arbeidet.

Likevel kan det vere enkelte arbeidsoppgåver dei ser seg nøydde til å utføre. Det kan få konsekvensar.

– Støveksponering kan til dømes påverke lungefunksjonen eller gje ulike allergiar. Så å ikkje bruke støvmaske kan auke risikoen for helseskadar på lang sikt.

Per Bø håper støvmasker snart blir tilgjengeleg igjen, men seier han i mellomtida blir nøydd til å improvisere med andre ting.

– Ein buff eller noko slik kan vel kanskje funke for ei kort periode.

Flere saker fra Innlandet