Hopp til innhold

Fortalde kjærasten om overgrep – barnevernet la vekk saka

GJØVIK TINGRETT (NRK): Oscar André Ocampo Overn fortalde kjærasten om ubehagelege opplevingar med faren. Barnevernet fekk ei bekymringsmelding i 2017, men la etter kvart vekk saka.

Oscar André Ocampo Overn

OSCAR ANDRÉ: Oscar André Ocampo Overn vart angripen i sin eigen heim 9. oktober 2019.

Foto: Privat

Kjærasten til Oscar André Ocampo Overn vitna i retten i dag. Ho beskreiv han som ein omsorgsfull og morosam person som tulla mykje. Dei to gjekk i korps saman på barneskulen og kjente kvarandre lenge før dei vart kjærastar i 2017.

– Han hadde mykje problem, men var eit av dei sterkaste menneska eg kjenner. Han sto i alt, fortalde kjærasten, som var eitt år eldre og som no er 17 år gamal.

Guten hadde nemnd for kjærasten at han hadde hatt ubehagelege opplevingar med faren sin. Men ville ikkje snakke mykje om det, fortalde ho.

Sende bekymringsmelding

17-åringen fortalde at kjærasten ved to høve nemnde noko om at han hadde opplevd ubehagelege ting med faren. Den første gongen på hausten i 2017. Ho snakka med far sin som ringde helsesjukepleiaren ved skulen.

Helsesjukepleiaren vitna i retten. Ho fortalde at guten ofte var innom henne og at dei to hadde god kontakt.

Då helsesjukepleiaren fekk ei bekymringsmelding om overgrep, tok ho kontakt med Oscar André.

Guten fortalde henne at faren hadde «kilt» han på rygg, mage og bryst i forbindelse med legging om kvelden. Men at det hadde slutta.

Ho sende bekymringsmelding til barnevernet i desember 2017. Helsesjukepleiaren var med guten til samtale med barnevernet, men var ikkje med inne på møta.

Aktor Klundseter i retten på Gjøvik

ALVORLEG: Aktor Thorbjørn Klundseter kalla saka ei av dei mest alvorlege han har hatt.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Saka vart lagt vekk

Barnevernskonsulenten som var i møter med guten vitna også i retten. Ho fortalde at dei hadde samtalar med Oscar André på slutten av 2017 og tidleg i 2018. Der planla dei saman korleis dei skulle snakke med foreldra hans.

Barnevernet seier Oscar André var vanskeleg å få til å snakke om det som hadde skjedd, fordi han var redd for å øydelegge familien sin. Men han fortalde at faren «kilte» på brysta hans. Han hadde fortald at dette hadde stoppa opp.

I møte med foreldra seier barnevernet at dei fekk eit bilete av ein gut som kunne overdrive. Far hadde innrømma ei form på kiling på sonen sin. Men han forklarte at «kilinga» før leggetid var ei form for kos. Barnevernet fekk inntrykk av at det ikkje var snakk om overgrep.

Saka vart lagt vekk og avslutta i februar 2018.

Den tiltalte sin forsvarer, Håvard Fremstad, seier dei ikkje vil kommentere noko rundt barnevernssaka som vart lagt vekk.

Fortalde kjærasten om overgrep

Kvelden før drapshendinga var guten hos kjærasten sin. Ho fortalde i retten at dei to hadde sett på serie då ho skjønte at han var lei seg for noko.

Han hadde etter kvart fortalt om ulike episodar der han var utsett for overgrep. Kjærasten ville ringe alarmtelefonen. Men guten ville ikkje snakke med nokon om det. Han hadde sagt han ikkje ville ta frå søskena sine faren sin. Han ville ikkje øydelegge familien sin.

– Han visste at viss han sa det til meg var det ikkje hemmeleg lengre, fortalde ho.

Men dei to vart einige om at dei skulle fortelje det til mora. Kjærasten skreiv meldingane som Oscar André sende mora den kvelden.

På spørsmål i retten fortalde kjærasten at Oscar André hadde følt på dårleg stemning heime. Han følte faren ikkje likte han, sa kjærasten.

– Han ville heim til meg i staden for at vi reiste heim til han, fortalde ho.

Politiet med nye opplysninger etter drapsforsøk på 15-åring på Kapp i Østre Toten

ETTERFORSKING: Politiet vart kalla til plassen raskt. Etter kort tid ringde den tiltala mannen og overgav seg like i nærleiken.

Erkjent straffskuld

Mannen på 45 er tiltalt for å ha tatt livet av, og gjennomført seksuelle overgrep mot adoptivsonen Oscar André Ocampo Overn på Kapp 9. oktober i fjor. Han erkjenner straffskuld for mellom anna drapet og seksuell omgang med ungar under 14.

Han har nekta straffskuld for seksuell omgang med ungar mellom 14 og 16.

Under forsvararen til mannen sitt innlegg i dag, la han vekt på dette punktet og meiner det ikkje er skjedd overgrep etter guten var blitt 14. Han meinte derfor at den tiltala mannen må frifinnast på dette punktet i tiltala.

Aktor bad om lovens strengaste straff, 21 år, for mannen. Forsvararen argumenterte for at mannen skal få strafferabatt for å ha tilstått tidleg i saka. I tillegg bør han få rabatt for å ha samarbeida bra. Forsvarar, Håvard Fremstad, bad derfor om at tiltalte dømmast på mildast mogleg måte.

15-åringen vart adoptert frå Colombia halvanna år gamal. Oscar André vart fødd som jente og skifta namn i folkeregisteret til gutenamnet i 2018.

Kapp-saken

FORSVARER: Håvard Fremstad er forsvararen til mannen som står tiltala.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Detaljerte forklaringar

Dei to første dagane i retten forklarte den tiltala faren seg. Mora til 15-åringen, politiet og rettsmedisinarar har vitna.

I den tiltalte si forklaring snakka han detaljert om korleis dei seksuelle overgrepa mot sonen skjedde. Han forklarte korleis han planla drapet natta før, korleis han hindra kona i å stoppe han og korleis han gjennomførte valdshendinga som gav guten skader han seinare døydde av.

Han sa at han ikkje angra på drapet, og meinte familien ville få det betre utan sonen. Han angra på overgrepa.

Mora til guten har vitna i retten. Ho fortalde at ho kvelden før hadde fått greie på dei seksuelle overgrepa sonen var utsett for. Dagen etter vart ho vitne til hendinga og beskreiv desperasjonen sin då ho prøvde å hindre mannen i å drepe sonen deira.

Flere saker fra Innlandet