Hopp til innhold

Forskar: – Eg trur ikkje svaret er meir tilsyn

Forskar meiner at om det hadde vore mindre press på barnevernet hadde det vore meir rom for å arbeide ordentleg med dei alvorlege sakene.

Elisabeth Bache-Hansen

OVERRASKA: Forskar Elisabeth Backe-Hansen er overraska over det store omfanget i sakene frå Nordre Land, men seier det er viktig å ikkje dømme heile barnevernet.

Foto: NRK

– Eg trur ikkje svaret på problemet er meir tilsyn og kontroll. Vi har gode kontrollorgan på plass som også følger opp. Elles hadde vi vel ikkje fått desse rapportane, seier forskar Elisabeth Backe-Hansen i NOVA, Høgskulen i Oslo og Akershus.

Eit tilsyn gjort av fylkesmannen i Oppland i fjor viste at barnevernet i Land har brote loven i 89 prosent av dei 253 sakene fylkesmannen gjekk gjennom.

Tone Foss Aspevoll i Dax18

ALVORLEG: Tone Foss Aspevoll seier ho ser veldig alvorleg på denne saka og oppfordrar til å sjå over tilsynsrutinane.

– Fleire må gjere slike tilsyn. Og ein må gå gjennom tilsynet som er i dag for å sjå om den er god nok, sa Kommunikasjonssjef, Tone Foss Aspevoll i barneombodet i debattprogrammet Dagsnytt 18 i går.

Mindre press på barnevernet

Backe-Hansen meiner at auka tilsyn vil ta ressursar som det er meir behov for i førstelinjetenesta. Men ho meiner barnevernet i dag tek hand om ein del saker som andre like godt kunne teke seg av.

– Eg kunne tenke meg at ein prøvde å sjå på førebyggande tiltak for barn og unge i samanheng på tvers av sektorar. Då kunne barnevernet sleppt å handtere saker med mindre alvorleg problematikk, seier ho.

Med mindre press på barnevernet blir det meir rom for å arbeide skikkeleg med dei mest alvorlege sakene meiner ho. Ho nemner også at barnevernet må bli flinkare til å arbeide i konflikt med familiar, andre tenester og kvarandre.

Har hatt for stort arbeidspress i Land

Lisbeth Berntsen Grandalen er fylkesleiar i Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar i Oppland. Dei ho har hatt kontakt med i Land-kommunane har signalisert at dei har hatt alt for mykje å gjere.

Lisbeth Berntsen Grandalen

PRESS: Fylkesleiar i FO Oppland seier dei tilsette i Land har hatt for stort arbeidspress.

Foto: PRIVAT

– Eg har hatt inntrykk av at dei har hatt eit stort arbeidspress over veldig lang tid. Det er komplekse saker å jobbe i barnevernet og då trengst det tid og ressursar samt gode rammer og rutinar, seier Lisbeth Berntsen Grandalen.

Fellesorganisasjonen har i fleire år jobba for å få ein bemanningsnorm i barnevernet som gjer at dei tilsette ikkje har meir enn 9–15 familiar å følge opp. Rådmann i Nordre Land, Jarle Snekkestad, innrømmer at arbeidspresset har vore for stort på dei tilsette i Nordre Land.

– Vi har auka bemanninga, men det har ikkje vore nok. Det finst ingen fast norm på kor mange saker ein tilsett har, men det har vore slik at ein barnevernstilsett har mellom 10 og 20 saker. I nokon periodar har det kanskje litt over det, seier han.

Jarle Snekkestad

FOR LITE RESSURSAR: Rådmannen jobbar med å ordne opp i barnevernstenesta i kommunen si, men innrømmer at det har vore for lite ressursar.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Flere saker fra Innlandet