Hopp til innhold

Barn av UD-tilsette: – Eg har vanskar med å knyte meg til nye folk

Mange som vaks opp med foreldre som jobbar i utanrikstenesta slit med å skape varige vennskap. Det viser ny forsking.

Martha Alvhild Mboka Tveit

INTERNASJONAL BARNDOM: Martha Alvhild Mboka Tveit i midten på klassebiletet frå Tanzania.

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Det var mykje tap, ein mistar venner. Det var verst i ungdommen, seier Marta Alvhild Mboka Tveit.

Ho sit saman med Anne Line Thorsen i ei leilegheit i Oslo. Dei to kvinnene har aldri møtt kvarandre før, men finn raskt tonen gjennom å dele minner og historier frå barndommar som liknar kvarandre.

i sofaen

MINNER OM EIN OPPVEKST: Marta Alvhild Mboka Tveit og Anne Line Thorsen deler erfaringar om å vekse opp med foreldre som jobba i utanrikstenesta.

Foto: arne sørenes / nrk

Mor til Martha jobba for Norad i land som Zambia, Pakistan og Tanzania.

Far til Anne Line jobba på dei norske ambassadane i Moskva, Tokyo og Paris.

Begge jentene var med, som nissar på lasset.

Då Anne Line Thorsen flytta som tolvåring til Paris hadde ho akkurat byrja å finne seg til rette etter nokre år i Oslo.

– Eg ville absolutt ikkje flytte. Ikkje igjen, liksom.

Men ingen høyrde på henne. Då familien flytta skulle dei vere i Paris i minst fem år.

– Fem år er jo som ein evighet når du er tolv, seier Thorsen.

anne line

KONFIRMANT I PARIS: Anne Line Thorsen var einaste norske konfirmant i Paris i 1987.

Foto: arne sørenes / nrk

Mange barn flyttar

Sidan Noreg starta med diplomatiske samband til andre land etter unionsoppløysinga i 1905, har titusenvis av norske tenestemenn, og etter kvart kvinner, representert landet på ambassadar og bistandskontor verda over.

Mange av desse har hatt familiane sine med seg.

Utanriksdepartementet opplyser at rundt 400 norske barn bur i utlandet årleg saman med foreldre som jobbar i utanrikstenesta.

ragnhild holmen bjørnsen

INTERNASJONAL FORSKAR: Ragnhild Holmen Bjørnsen vaks opp fleire stader i Asia og Midt-Austen. Ho studerte i Berlin, men tok doktorgraden ved Høgskolen i Innlandet, avdeling Lillehammer, der ho i dag jobbar som forskar.

Foto: arne sørenes / nrk

Forskar Ragnhild Holmen Bjørnsen ved Høgskulen i Innlandet vaks sjølv opp i Asia og Midt-Austen saman med foreldre som jobba for FN.

I ei heilt ny doktorgradsavhandling har ho som første forskar henta inn erfaringar frå barn av foreldre i norsk utanriksteneste.

– Ein slik barndom vil seie at ein regelmessig er på flyttefot på tvers av land og kontinent, seier Bjørnsen.

Ho legg til at stadig fleire barn vekst opp med hyppig flytting i dag.

– Arbeidslivet spør etter større mobilitet, både nasjonalt og internasjonalt. Så dette gjeld stadig fleire barn, fortel Bjørnsen.

Også innanlands flytting kan skape utfordringar for barn og ungdom, viser tidlegare forsking.

Ein privilegert barndom?

Men oppvekst i Tokyo, Paris og Dar-es-Salaam?

For ein fantastisk barndom, tenkjer kanskje mange av oss som ikkje vaks opp på denne måten.

deker erfaringar

DELTE ERFARINGAR: Både Martha Mboka Tveit (t.v) og Anne Line Thorsen har gode minner frå oppveksten og ville ikkje vore den for utan. Dei er opptekne av formidle sine erfaringar slik at det kanskje kan bli lettare for familiar som reiser ut i dag å førebu borna. Derfor har dei tatt del i forskingsprosjektet til Ragnhild Holmen Bjørnsen (t.h)

Foto: arne sørenes / nrk

Både Martha Mboka Tveit og Anne Line Thorsen har svart på spørsmål frå forskar Bjørnsen.

Begge understrekar at dei ikkje klandrar foreldra sine, og at dei er takksame for mange opplevingar og erfaringar dei fekk i barndommen.

Samstundes har dei begge slite med ulike utfordringar seinare i livet. Dette meiner dei heng saman med at dei flytta så mange gongar som barn.

Martha Mboka Tveit fortel at ho framleis har vanskar med etablere nære vennskap og relasjonar. Om nokon kjem henne nær har ho ein tendens til å tenkje at ho må kutte ut desse personane.

– Eg veit at dei blir borte, derfor er det hit men ikkje lenger på ein måte, seier ho.

Martha Mboka Tveit

VENNSKAP PÅ VENT: Martha Mboka Tveit er open på at ho synest det er vanskeleg å tru på at vennskap kan vare. Frå bardommen vart ho vant med at vennskap tok slutt, før eller seinare.

Foto: arne sørenes / nrk

Anne Line Thorsen fortel at ho som ung vaksen også sleit med ei kjensle av å ikkje ha noko påverknad på sitt eige liv. Ho var vant til å flyte med, for ingenting ho sa ville likevel ha endra situasjonen.

– Då eg skjøna at det var ein slik tankegang eg hadde, så forstod eg at det eg hadde mangla var ei slags oppleving av håp som hadde blitt tatt frå meg som barn.

Får forskarstøtte

Eit av dei viktigaste funna i arbeidet til Bjørnsen er nettopp at mange som er oppvaksne i UD har opplevd relasjonsvanskar i vaksen alder.

I tillegg fortel mange at dei har utfordringar med å føle seg heime nokon stad, også i Noreg.

– Mange opplevde at dei vart sett på som annleis når dei innimellom budde i heimlandet, seier Bjørnsen. Og mange vart rett og slett mobba.

Bjørnsen baserer avhandlinga si på sjølvbiografiske forteljingar frå 43 personar i alderen 19 til 78 år.

Eit anna trekk som går igjen er at mange barn har kjent på maktesløyse over eigen situasjon, og at dei opplevde at dei ikkje hadde rett til å klage fordi dei vart sett på som privilegerte.

– Det å vere lei seg og sint eller redd passar ikkje inn og er ikkje akseptert i ei forteljing om at du er så heldig, seier Bjørnsen.

Akkurat det kjenner Anne Line Thorsen seg igjen i:

– Det blir berre sutring. Her sit du stakkars vesle kvite jente og klagar over at du går på raud løpar og sit på fyrste klasse på flyet på veg heim til sommaren. Det går jo ikkje, seier Thorsen.

anne line

VART IKKJE HØYRD: Anne Line Thorsen opplevde som barn og ungdom at ho ikkje var i posisjon til å vere frustrert, ho vart jo sett på som privilegert. Dette er noko som går igjen i avhandlinga til Bjørnsen.

Foto: arne sørenes / nrk

Ho meiner at noko av hovudproblemet er at mange romantiserer det å bu i utlandet, og ikkje tar inn over seg at det kan vere ei stor utfordring for heile familien, og kanskje særleg for barna.

Thorsen trur at Utanriksdepartementet som arbeidsgjevar framleis bidreg til dette.

– I mi tid fekk foreldra mine så å seie ingen støtte frå UD på korleis dei kunne gjere livet lettar for barna. Eg har inntrykk av at det er betre i dag, men trur framleis at dei har ein veg å gå.

UD: – Vi tar dette på alvor

Tord Tukun er avdelingsdirektør for kompetanse og ressursar, samstundes som han også leiar familieutvalet i UD.

Han seier at han er glad for at det for første gong er blitt forska på korleis barn av UD-tilsette har hatt det.

– Medvitet et blitt større på dette feltet dei siste åra, seier Tukun. Men no får vi eit forskingsbasert grunnlag å støtte oss til.

– Vi kan alltid bli betre, legg han til.

No vil UD bruke forskinga til Bjørnsen for å bli endå meir medvitne i framtida.

tord tukun

DIPLOMATISK: Tord Tukun i Utanriksdepartementet seier at dei no vil lytte til Ragnhild Holmen Bjørnsen, og bruke arbeidet hennar når dei skal førebu familiar som skal reise ut.

Foto: arne sørens / nrk

– Vi kjem til å invitere henne inn på førebuande kurs før utreise og bruke forskinga til Bjørnsen på fleire måtar når vi skal konkretisere tiltak i vår oppfølging av tilsette.

Frå Martha Mboka Tveit og Anne Line Thorsen, som begge meir eller mindre er oppvaksne i utanrikstenesta, er rådet klart:

– Ikkje romantiser dette, men ver opne om kva utanlandsopphald faktisk inneber. Respekter barna og ta dei på alvor.

  • Begge barna er fødd i Noreg, og er norske statsborgarar. No vente mor på å bli kasta ut av landet:

Flere saker fra Innlandet