Mengda med hushaldningsavfall aukar stadig, og det er store variasjonar frå kommune til kommune i kor mykje som blir kildesortert.
Gran og Trysil på toppen
I Oppland er det folk på Hadeland som kastar mest, Gran er på topp med over 460 kilo avfall per innbygger i 2004.
I Hedmark er det tryslingar som lagar mest søppel, truleg med god hjelp frå hyttefolket, medan Ringsaker kjem på andre plass.
Dei som kastar minst avfall i Hedmark, bur i Nord-Østerdalen. I Oppland er det folk i Nord-Fron og i Gjøvik og Toten-kommunene som er flinkast til å spare samfunnet for søppel.
Legg til rette
- Det gjeld å legge til rette med gode løysingar for forbrukaren, seier dagleg leiar i GLT-avfall, Morten Bratlie.
- Det går for det meste på henteordninger. I dag hentar vi fire fraksjonar, medan vi til våren og skal samle inn plast, seier Bratlie.
Men på andre sida av Mjøsa er dei enda flinkare. I dei fire kommunane på Hedemarken blir nærmare 80 prosent av søppelet gjenvunne. GLT har som mål å bli like flinke.
- Vi vil og få ei betre ordning på papirretur. Klarer vi det, kan vi kome opp på 70 prosent resirkulering, seier Bratlie.
Og det endelege målet er naturlegvis å gjenvinne mest mogleg.