Gjøvik er blant dei kommunane her i landet med flest fattige, altså med flest folk som kjem under fattignormen. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Arbeidstrening
Gjøvik kommune er med på staten sin Tiltaksplan mot Fattigdom, som er ei satsing fram til 2006 for å få folk i arbeid.
Nå vil kommunen etablere fleire arbeidstiltaksplassar og plassar for arbeidstrening.
Mange flyktningar
Ein av årsakene til fattigdomsproblema er det store talet på flyktningar som har busett seg i kommunen dei siste 15 til 20 åra. Mange av dei greier ikkje å skaffe seg arbeid.
Mellom anna er fleire av flyktningane i Gjøvik analfabetar eller har avgrensa skulegang, og fleire slit med psykiske problem.