Hopp til innhold

Må framleis teste sopp på grunn av Tsjernobyl

Fleire meiner det er eit bra soppår i år. Men nokon plassar i landet bør du ikkje ete dei enorme mengdene av soppen du finn.

Rimsopp

RADIOAKTIV: Rimsoppen, som er ein vanleg matsopp, er blant dei som framleis tar opp mykje radioaktiv cesium frå jorda.

Foto: Baard Næss

Då det eksploderte i reaktorane i atomkraftverket i Tsjernobyl i 1986, tok vinden med seg radioaktivt nedfall. Det regna ned over delar av Noreg.

34 år seinare finn ein framleis radioaktivt stoff i soppen, sjølv om nivået er blitt lågare.

– Det går ikkje veldig raskt. Ein ser ikkje endringa så tydeleg over nokre få år, men i løpet av dei 34 åra er det stor endring, seier Anne Liv Rudjord i Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA).

– Blir nok ikkje sjølvlysande

Sopp er truleg den matvara i Noreg med mest radioaktivitet i dag, ifølge DSA. Sau og rein som et soppen på beite i dei områda som hadde mykje nedfall, blir ofte fôra ned før dei blir slakta.

Mattilsynet anbefaler at ein ikkje har i seg mat som har meir enn 20 000 becquerel per kilo. Det er kor mykje radioaktivt cesium ein får i seg i løpet av eit heilt år som har betydning. Gravide, ammande eller ungar under to år bør ikkje ete meir enn halvparten så mykje som andre vaksne og større ungar.

Sopp i fleire kommunar blir framleis testa. Etter målingane i 2019, var det ein sopp som vart sjekka i Øystre Slidre i Valdres som var mest radioaktiv. Den hadde 17 000 becquerel per kilo, og det mest vanlege er rundt 3800 i det området, viser tal frå DSA.

Soppkorg, testing for radioaktivitet

Thyra Solem er blant dei som reiser rundt for å samle inn sopp som blir testa for radioaktivitet.

rimsopp

Rimsoppen er blant dei som framleis tar opp ein del radioaktiv cesium frå jorda.

Rødbrun pepperriske

Rødbrun pepperriske er også blant soppen som blir testa årleg.

Rødbelteslørsopp

Rødbelteslørsopp blir også sendt inn og testa for radioaktivitet.

Ifølge Anne Liv Rudjord er nivåa så låge no at folk flest ikkje treng å vere redde for å ete sopp.

– Ein et som regel moderate mengder kvart år. Totalt sett er det nesten ikkje mogleg å få i seg for mykje radioaktiv cesium gjennom å ete sopp. Då skal ein vere veldig glad i det, seier Anne Liv Rudjord.

Thyra Solem

ENTUSIAST: Thyra Solem er soppkontrollør i Norges sopp- og nyttevekstforbund. Ho samlar inn sopp som strålevernet testar for radioaktivitet.

Foto: Privat

Soppentusiasten, Thyra Solem, er ikkje redd for å ete rimsopp.

– Eg kan unne me ei panne i året. Eg blir vel ikkje sjølvlysande av den grunn. Ein kan ikkje vere hysterisk heller, seier ho.

Men ho innrømmer at ho ikkje lar rimsopp bli ein altfor stor del av menyen.

– Men det gjeld jo dei område nedfallet var stort. Andre område treng ein ikkje tenke på det i det heile tatt, seier soppentusiasten.

Sandsopp frå Ringebu

PRØVE: Sandsopp frå Ringebu som skal bli sendt inn for testing.

Foto: Thyra Solem / Privat

Testar årleg

Sidan 1988 har strålevernet testa soppen i utvalde område i landet.

Anne Liv Rudjord

TESTING: Kvart år blir sopp frå dei områda som vart råka av radioaktivt nedfall testa. Anne Liv Rudjord i DSA, seier dei vil ha oversikt og finne ut kor lenge dette kjem til å vare.

Foto: Petter Arneberg / DSA

– Vi vil gjerne ha oversikta over korleis det utviklar seg og kva som er status. Slik kan folk få informasjon og sjølv ta omsyn til kosthaldsråd, seier Rudjord.

Det varierer veldig frå eit område til eit anna, og frå soppart til soppart kor mykje av det radioaktive stoffet den tar opp.

Rimsopp, som er ein vanleg matsopp, er ein av verstingane. Den tar opp mykje av stoffet, medan til dømes kantarellen tar til seg mindre.

NEDFALLSOMRÅDE: Kvart år blir sopp frå Sør-Varanger, Folldal, Aure, Lierne, Dovre, Sel, Øystre Slidre, Forsand, Orkdal og Målselv testa.

– Det er meir der det var mykje nedfall frå ulukka, og det er stort sett dei områda der det har betydning i dag. Det gjeld indre strøk på Austlandet, i fjellområda. Også er det i Trøndelag og Nordland hovudsakleg, seier Anne Liv Rudjord.

Flere saker fra Innlandet