– Eg hadde køyrt dotter mi i barnehagen og så ei katte liggande langs grøfta på vegen heim.
Det fortel Malene Midtskog som bur i Vallset i Stange.
– Ved neste innkøyring oppdaga eg ein til, fortel ho.
Midtskog fann kattane døde, og tok dei med til dyreklinikken.
– Seinare blei eg ringd opp og fekk beskjed om at dei var mishandla i staden for påkøyrt, som eg i utgangspunktet trudde.
– Det er jo heilt forferdeleg, seier Midtskog.
Det var Stangeavisa som først skreiv om denne saka.
Skotskadar
Det var dyreklinikken EMPET i Stange som tok imot dei døde kattane. Forholdet blei meldt og politiet kom til klinikken for å sjå på dyra.
– Det er fælt å sjå at folk gjer sånn, seier Maren Evensen som jobbar på dyreklinikken.
Ho var til stades da kattane kom til klinikken, og seier at Midtskog gjorde rett i å ta med kattane med dit.
Innlandet politidistrikt seier til NRK at kattane hadde skotskadar og brotskadar.
– Dette er sjølvsagt noko vi ser alvorleg på som vi ikkje synest er noko ålreit, seier politiadvokat Anders Møllersen.
Forsvunne kattar
Eit innlegg om kattane blei posta i ei lokal Facebook-gruppe.
Skildringane skapte mykje engasjement, og i kommentarfeltet kom det fram at dette ikkje er første gong ei slik hending har skjedd i Stange-området.
Fleire kommenterte at kattane deira var forsvunne og frykta dyra deira kunne ha lidd same skjebne.
Éin skreiv at ho nyleg fann igjen katten sin – med eit skot i hovudet. Katten blei funnen i vegkanten ca. 20 meter frå husgrinda til eigaren.
– Vi har også tidlegare tatt imot ei melding om ein død katt i nærområdet, men vi har ikkje foreløpig knytt desse sakene saman, fortel politiet til NRK.
– Har de nokon mistenkte i desse sakene?
– Nei, det er ingen som har status som mistenkt på noverande tidspunkt, seier politiadvokat Anders Møllersen.
Politiet har mykje på bordet
Politiet er altså kjent med to konkrete meldingar der kattar har blitt funne med skotskadar i området.
– Er dette ein prioritet hos dykk?
– Det seier seg sjølv at med den utviklinga som har vore i kriminalitetsbildet i Innlandet dei siste månadane av året her, at det er saker som krev enormt av ressursar av oss. Men dette er ei sak som blir etterforska og påtalt av økoteamet hos oss, og det går på sida av dei andre store sakene som vi jobbar med, seier politiadvokat Møllersen.
Han legg til at politiet gjerne tar imot tips.
– Viss nokon har observert noko som har tilknyting til dette, så går det an å ta kontakt med oss.
Skulle ein finne eit skadd dyr er oppfordringa til politiet å levere det til næraste veterinær.
– Skremmande
Malene Midtskog har lese facebook-kommentarane og er bekymra over situasjonen. Sjølv har ho ein hund.
– Ein blir jo redd for dyra sine sjølvsagt. Det er jo både skremmande og ekkelt. Og veldig trist. Ein blir jo ekstra oververnande overfor dyra sine når dei er ute, seier ho.
– Eg håpar verkeleg at den eller dei som har gjort dette, verkeleg får hjelp, seier Midtskog.
NRK har prøvd å komme i kontakt med eigaren av kattane, utan å ha lukkast så langt.