Bebuarane i åtte leilegheiter like sør for Gjøvik sentrum er evakuert etter ein brann søndag føremiddag.
Ei leilegheit utbrent
I tillegg til dei 4 rekkeleilegheitene i huset som brann, er fire leilegheiter rundt evakuert. Den eine leilegheita er heilt utbrent. Det er hovudsakleg innvandrarar som bur i leilegheitene.
To villaer brente ned til grunnen
Ein villa på Jaren brente ned til grunnen laurdag kveld. Mannen som budde åleine i huset var ikkje heime da brannen braut ut. Det som starta med røykutvikling i andre etasje førte raskt til at heile huset var overtent.
Politiet fekk melding om brann i eit hus på Lensbygda i Østre Toten ved 22-tida søndag kveld. Huset vart totalskadd, men ingen personer ble skadd.
Det er for tidleg å seie noko om årsakene til dei tre brannane, opplyser Vest Oppland politidistrikt.
Hus på Atna totalskadd
Også på Atna i Stor-Elvdal vart folk huslause, da eit privathus brann ned laurdag kveld.
Huseigaren var borte da brannen starta.
Ein forbipasserande meldte frå om røyk frå huset, men da brannvesenet kom var huset allereie overtent.