Hopp til innhold

Snø og glatte vegar: Fleire bilar har sklidd av vegen

Politiet melder om ekstremt glatte vegar fleire plassar. Dei ber folk tilpasse farta om dei må ut i kveld.

Ulykke e6

AV VEGEN: Fleire bilar har sklidd av vegen på E6 ved Biri i Innlandet. Her er ein av bilane.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Snøen har skapt store problem både for bilistar og togtrafikken på Sørlandet. Men også andre stader i landet er det utfordrande køyreforhold.

Glatte vegar har ført til at fleire bilar har sklidd av vegen. Berre i Innlandet har fleire bilar hamna i grøfta.

– Vi har fått meldingar om trafikkulukker og trafikkuhell i heile Innlandet politidistrikt, seier operasjonsleiar Atle Bernhoft von Obsfelder hos politiet.

Det har vore varsla om det skulle komme mykje snø over heile Sør-Noreg denne veka. Ifølge von Obstfelder hos politiet er det også underkjølt regn som skapar utfordringar på vegen.

Mannskap ute på vegen

Politiet i Innlandet melder at mykje tilgjengeleg mannskap er ute. På E6 ved Biri i Innlandet sklei tre bilar av vegen. Det same skjedde på E16 på Tyinvegen i Valdres.

Sør-Øst politidistrikt melder også om fleire trafikkuhell i kveld. I Larvik står ein trailer fast i ein bakke på Brulanesveien.

  • På E18 på Sørlandet stod nær 2500 bilar bom fast på grunn av snøkaoset:

Tidlegare i kveld var det også eit uhell i Nord-Gudbrandsdalen, der ein personbil og ein semitrailer kolliderte i krysset mellom E6 og Burmavegen på Dovre.

– Vi har fått ei ny trafikkulukke ved Jordet i Trysil. Vi har også ei utforkøyring ved Storlon. Det går jamt, seier von Obsfelder hos politiet.

Ulykke e6

GLATT: Politiet melder at det er ekstremt glatt. Politiet er på staden på Biri.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Trude Lindstad hos Vegtrafikksentralen seier også at det har vore mange hendingar på vegen i kveld.

– Vi fekk meldingar tidlegare i ettermiddag om at det var spesielt glatt på E6 i Vinstra og Otta-området. Elles har vi ein bilberging som går føre seg på E6 i Biristrand i sørgåande retning, kor tre biler har hamna av vegen, seier ho.

Ho seier det ikkje er oppstått veldig store trafikale problem som følge av dei glatte køyreforholda.

– Folk er vel stort sett flinke til å avpasse farten, seier Linstad.

– Køyr forsiktig

Nokre av trafikantane er sendt til legevakt for sjekk, men det skal ikkje vere meldt om alvorlege personskadar. Ein av dei skal ha fått sleng på bilen, og vart sendt til legesjekk.

Det skal ikkje ha danna seg mykje kø ved trafikkuhella. Operasjonsleiar Atle Von Obstfelder har ei klar oppfordring til dei som skal ut å køyre i kveld.

– Køyr etter forholda. Er det underkjølt regn veit ein at då er det svært glatt. Då må ein tilpasse farten.

Mykje snø fleire plassar

Det var sendt ut gult farevarsel for snø for Agder og Telemark. Men også lengre aust i landet er det komme mykje nedbør i form av snø.

– Lenger inn i landet er det kaldt. Ned til minus 10 grader fleire plassar. Ikkje like mykje nedbør som på Sørlandet. Men det kan gi glatte vegar utover natta, seier meteorolog, Charalampos Sarchosidis.

Laster Twitter-innhold

Han seier farevarselet varer til fredag kveld og det vil halde fram å snø ei stund til. Ein kan også rekne med at det vil vere glatte vegar fleire stader.

– I natt og i morgon må ein vere ganske forsiktig når ein skal ut å køyre særleg på Sørlandet og i Telemark, seier han.

Flere saker fra Innlandet