Hopp til innhold

Fleire år før russetida startar, får unge tilbod om sponsoravtalar

– Ein ukultur har festa seg mange plassar, meiner russepresident Jakob Blix-Nilsen.

Jakob Blix-Nilsen, russepresident ved Valdres vidaregåande skule

MOT STRAUMEN: – Det er synd at det er dette som tek all merksemda i ei tid som eigentleg skal vere prega av fellesskap, feiring og samhald, meiner russepresidenten

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Russepresident Jakob Blix-Nilsen ved Valdres vgs. seier mange misliker den aggressive marknadsføringa frå dei kommersielle russeaktørane.

Unge blir utsett for eit «enormt kommersielt press» frå påverkarar på Instagram, TikTok og Snapchat, slår ny rapport fast.

Fleire påverkarar reklamerer mellom anna for det dei meiner er gode sponsoravtalar, mot unge som ikkje skal vere russ før på fleire år.

– Influensar-reklame finst overalt og om alt mogleg, men det faktumet at dette blir retta direkte til dei som ikkje er russ enno, er ikkje bra. Ein ukultur har festa seg mange plassar, meiner Blix-Nilsen.

Les også Minna gruet seg til russetiden – så tok russen grep

Minna Salem, avgangselev i 2022 ved Heimdal videregående skole.

Tek avstand

Russestyret i Valdres har teke avstand frå utstyrspresset.

Dei har eit tett samarbeid med elevtenesta til skulen, som mellom anna kan hjelpe med russeutstyr til dei med dårleg råd.

Jakob Blix-Nilsen, russepresident ved Valdres vidaregåande skule

FOR ALLE: Landstreff for russen er også kostbart, og ikkje alle har råd til å dra dit. Ved skulen i Valdres arrangerer dei derfor skulefestar og revy for alle, også for elevar som vel å ikkje vere russ.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Vi har klart å halde oppe ein god tradisjon om at ein ikkje startar russefeiringa før ein er avgangselev sjølv.

Blix-Nilsen meiner kjøpepresset er større i byane, men at også russen i distrikta kjenner på dette.

– Dei største aktørane er veldige gode på målretta marknadsføring og kan også komme på besøk her i distrikta med prøvedagar av klede og utstyr.

Men russepresidenten meiner pakkane som blir tilbydd av russeaktørane er overprisa.

Skjermbilde tatt fra Instagram-kontoen @russeservice.

Skjermbiletet er teke frå Instagram-kontoen @russeservice. Her reklamerer dei mot unge som skal vere russ i 2024/2025.

Foto: Skjermbilde/Instagram
På nettsida til Russ.no er det reklame retta mot blant andre ungdom som skal vere russ om to år.

På nettsida til Russ.no blir det mellom anna reklamert mot ungdom som skal vere russ om to år.

Foto: Skjermbilde/Russ.no

Meiner noko går under radaren

Karianne Stordal er administrator for Facebookgruppa «Russeforeldre på 2020-tallet», og har i fleire år kjempa for at russen skal ha ei trygg og inkluderande feiring.

Stordal meiner russeaktørane skaper eit kjøpepress blant kommande russ, og at mykje av det dei reklamerer for er unødvendig.

– Vi må sjå på om det skal vere greitt å drive denne aggressive marknadsføringa mot barn. Her er det openbert noko som går under radaren.

Ifølge Stordalen såg ho allereie i 2018 ein reklame retta mot russ i 2023, altså fem år før tida. Det er usikkert kva slags russeaktør dette er snakk om.

Karianne Stordal

MYKJE UNØDVENDIG: Karianne Stordal meiner det er eit stort press på å skaffe dei ulike russeprodukta. – Nokon klarer å bryte ut, men mange blir fanga av dette systemet, seier ho.

Foto: Fylkesmannen i Innlandet

– Aktørane sel inn konseptet som om du er nøydd til å ha alt dette for å vere ein ordentleg russ. Du skal ha ulike genserar med ulike motiv. Det er klistremerke over alt, songar og til og med g-streng-truser med logoar på.

Stordal meiner det er viktig at foreldre kjem tidleg på banen.

– Foreldre må vere obs på desse mekanismane, slik at dei kan prate med ungane sine og rusta dei til å stå imot, seier ho.

Det er ikkje ungdommane som har forma dette systemet. Det er kremmarane som gjer at russetradisjonen er blitt så langvarig og oppblåst, legg ho til.

Skjermdump tatt fra Facebook-gruppa til Karianne Stordal.

REKLAME: Dette biletet la Karianne Stordal ut på Facebook-gruppa «Russeforeldre på 2020-tallet». Ho meiner biletet var frå ein reklame i 2018 - retta mot russ i 2023.

Foto: Skjermbilde/Facebook/Faksimile

Les også Ballinciaga: – Ta vare på hverandre i russetida

– Russen er oppegåande ungdom

Knut Lyngstad er dagleg leiar i Russedress, og svarer på vegner av både Russedress og Russeservice.

Han seier at planlegginga av russetida ofte begynner året før ein er russ. Altså i det første året på vidaregåande for toårig yrkesfag og i andre klasse for resten.

– Vi marknadsfører oss til dei som planlegg russefeiringa i den tida vi veit dei planlegg ho.

Synest du det er eit kjøpepress i russetida?💸

Lyngstad seier at både russefeiringa og medievanane i aldersgruppa har endra seg i takt med endringar elles i samfunnet.

– Derfor rettar vi til dømes meir av reklamen mot sosiale medium i staden for etablerte medium.

– Etter meir enn 40 år i bransjen har vi erfart at russetida har forandra seg i takt med samfunnsendringane. Ein av tinga som er det same, er at russen er oppegåande ungdom som tenker og bestemmer sjølv, legg han til.

Salsleiar Håkon Meinich-Bache seier dei ikkje reklamerer mot ungdommen før året dei skal vere russ. Han jobbar i russeprofilering.no, som er ein av dei mindre aktørane på marknaden.

– Ei av oppgåvene våre som ein mindre klesleverandør, er å gi andre større leverandørar som har hatt tilnærma monopol på denne marknaden, konkurranse. På den måten vil prisane bli meir fornuftige, og russen får fleire alternativ når det gjeld innkjøp.

Meinich-Bache meiner leverandørane har eit ansvar for å unngå kjøpepress i russetida.

Les også Russefeiringa splitter skolen: – Hørt om folk som vil bytte skole fordi de ikke er på riktig buss

Victoria Aabol-Sundsbø (til venstre) og Caroline Revlem (t.h) er avgangselever ved Ullern videregående skole. Aabol-Sundsbø er nestleder i elevrådet, og Caroline Revlem russepresident.

Ønske er nasjonalt reglement

Omar Svendsen Yagci er sentralstyremedlem i Unge Venstre, og går tredje året ved Gjøvik vidaregåande skole.

Han meiner russeaktørane har stor makt over russetida, og at noko bør gjerast.

Det er fint at vi har aktørar som vil bidra til å sikre klede og materiell til russen, men det har vore historier om at mange ungdom opplever eit stort press av desse aktørane.

Omar Svendsen Yagci, sentralstyremedlem i Unge Venstre, vg3 elev på Gjøvik Videregående. Samt 2.kandidat i Gjøvik kommune og 5.kandidat til fylkestinget.

VIL HA MINDRE PRESS: Omar Svendsen Yagci trur sosiale medium kan ha bidrege til at slike russetradisjonar har eskalert dei siste åra. – Ein grunn kan vere at den teknologiske utviklinga gjennom hyppigare informasjonsdeling og sosiale medium har gjort at russetradisjonane og betydninga av russetida har akselerert i både tempo og omfang. 

Foto: Privat

Yagci meiner det kan vere nødvendig å sjå på moglegheitene for å regulere sektoren eller gjennom dialog skape felles rammar for aktørane.

Russetida er ei viktig feiring for ungdom, og det har utvikla seg ein ukultur med press, ekskludering og utanforskap. Eit nasjonalt reglement kan kanskje vere ei fin løysing, for å sikre trygge og inkluderande rammer for alle.

Håkon Snortheim er første nestleiar i Unge Høgres Landsforbund. Han synest ikkje det er noko gale med at aktørane tener godt på elevane.

Håkon Snortheim, 1. nestleder i Unge Høyre

IKKJE GALE Å TENE PENGAR PÅ RUSS: Håkon Snortheim er 1. nestleiar i Unge Høgre.

Foto: privat

Russen har fylt 18 år og kan ta sine eigne val. Så lenge russeaktørane følgjer lova er det ingenting gale med at dei tener pengar på russegenserar eller øyreproppar.

Dei aktørane som bryt lova og utnyttar russen, skal sjølvsagt straffast for det, legg han til.

Les også Mange droppar russetida: – Eg sparer mykje pengar

Russ på rekke og rad med blå og røde russedresser.

Flere saker fra Innlandet