Hopp til innhold

-Det beste er å vere trygg

–Det er fredeleg og roleg, og eg og borna mine kan kjenne oss trygge. Eg er glad for at vi bur her i Norge, og ikkje i Russland.

irene stein frå Tsjetstjenia har åpnet nye Flaggfjell Kro

Sjå video frå nye Flaggfjell Kro. Video: Arne Sørenes

Irene Stein kjem opprinneleg frå Tsjetstjenia, men kom til Norge for elleve år sidan. Sidan oktober har ho og familien drive tradisjonsrike Flaggfjell Kro i Etnedal som har stått tom dei siste åra.

Det var mannen min som oppdaga den tomme kafeen ein dag han køyrde forbi. Vi bestemte oss for å prøve å starte opp ny kafedrift i dei gamle lokala.

Dei blei samde med eigaren av huset, og no har dei ope frå kl 07-23 kvar einaste dag i veka.

–Vi bur eigentleg her nede i kafeen, ler Irene Stein. Vi berre søv oppe, ellers er vi her og prøver å få det til å gå rundt.

Vil opne fleire kafear

Irene Stein fortel at det førebels er vanskeleg å få kafèdrifta til å lønne seg, sjølv om lokalbefolkninga har oppdaga spesialiteten hennar; nemleg borsh, ei smakfull russisk raudbetesuppe som i tillegg inneheld m.a svinekjøt, poteter, gulerot og hodekål.

Folk kjem heilt i frå Dokka og Fagernes for å ete borsh, seier ei smilande Irene Stein.

No satsar dei på å opne enno ein kafè, denne gong på Bjørgo i Aurdal.

Mannen min og den eldste dottera vår er der og pussar opp no, seier Irene. Vi har to døtre som begge er fødde på Fagernes, og no håpar vi at kafèdrifta kan bli levebrødet til familien.

Yngstedotter Mikaela er likevel ikkje sikker på om det er kafèvert ho vil bli når ho blir stor. Når vi spør henne om kva ho har lyst til å bli, er svaret:

Statsadvokat. Eller kanskje dyrlege!

Flaggfjell Kro

Flaggfjell Kro i Etnedal

Foto: arne sørenes / nrk

Madde og Reidar på sommarturnè

Den siste veka har dei to radioprogramleiarane Madeleine Cederstrøm og Reidar Kjæstad hatt ettermiddagssendingar på P1 frå ulike stadar i Hedmark og Oppland. Det var på reise til sending i Fagernes at dei to oppdaga at det igjen var drift i den kjende kafeen i Etnedal. Dei bestemde seg for å stoppe og stikke innom, og fekk ein hyggeleg prat med Irene Stein og dotter hennar, Mikaela (møtet mellom programleiarane og kroverten Irene kan du sjå i videoen over).

Programlederne Madeleine Cederstrøm og Reidar Kjæstad er på sommerturne om dagen. Mandag sendte de fra Fagernes. Se hvordan de to planlegger sending! I morgen sender forresten de to fra Skibladner...

Madde og Reidar var på reise til Fagernes då dei stakk innom Flaggfjell Kro. Sjå video frå turen frå Lillehammer til Fagernes her. Video: Arne Sørenes

Flere saker fra Innlandet