Kommunikasjonssjef i Den Norske Turistforening, Mette Øinæs Habberstad, seier at alt er klart for å ta i mot folk som vil til fjells:
– No er alle dei betjente hyttene opne, over fem hundre i talet, så det berre å komme seg til fjells!
Over 560 tusen dugnadstimar er blitt lagt ned det siste året for å få DNT-hyttene klare til sesongstart. Det er ny dugnadsrekord, noko som Turistforeningen er stolte over.
– Stiar er rydda og merka, hytter er malte og sette i stand, så det er takka vere alle dei frivillige i DNT at vi no kan opne hyttene for alle som vil. Det set vi veldig pris på.
KOM TIL FJELLS. Kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øinæs Habberstad, seier at alt er klart i fjellet.
Foto: arne sørenes / nrkSkiføre i høgfjellet
Habberstad fortel at det framleis er skiføre mange stader i høgfjellet, mellom anna på Valdresflye der det er opp mot to meter snø einskilde stader. Mange nyttar derfor høvet til å gå toppturar på ski, til dømes til Rasletind.
Båtførar og kaptein på "Gjendine", Harald Øvstedal, stadfestar dette. Seinast laurdag hadde han med seg fleire skituristar på turen mellom Gjendesheim og Memurubu.
– Men over Besseggen er det fint å gå til fots no, sjølv om det er noko snø i dei høgste partia.
FJELLBÅTEN. 'Gjendine' fraktar turistar over Gjende frå Gjendesheim til Memurubu.
Foto: arne sørenes / nrkBereket vann Besseggenløpet
Laurdag vart Besseggenløpet frå Memurubu til Gjendesheim arrangert for femte gong etter at tradisjonen frå 1960-talet igjen vart starta opp i 2011. Tomas Bereket sette ny rekord i fjor med den smått utrulege tida 1.15.40. Eritrearen som spring for Sportsklubben Vidar, vann i år som i fjor, men brukte eit kvarter lengre tid over Besseggen i år.
– Det var for mykje snø til å setje rekord, sa Bereket til NRK like etter at han kom i mål.
Likevel var han nøgd med løpet, og lovå å gjere eit nytt rekordforsøk neste år.
SEIER I ÅR SOM I FJOR. Tomas Bereket vann Besseggenløpet som han ville, men det vart ikkje ny rekord i år.
Foto: arne sørenes / nrk