Hopp til innhold

Vil heim til bygda, men skuleordninga stoppar dei

OSLO/LOM (NRK): Ein fjerdedel av norske kommunar har skule berre fire dagar i veka for dei minste. Eilev Øyjordet Rossehaug vil flytte heim, men dette gjer det vanskeleg.

Andrea Abrahamsen og Eilev Øyjordet Rossehaug

DELTIDSKULTUR: Andrea Abrahamsen og Eilev Øyjordet Rossehaug trur det har opparbeida seg ein deltidskultur i Lom. Begge ynskjer hundre prosent stilling dersom dei skulle ha flytta til Lom.

Foto: Even Lusæter / NRK

Sambuarparet Eilev Øyjordet Rossehaug og Andrea Abrahamsen har ikkje ungar i dag, men tenkjer framover.

No bur dei på Manglerud i Oslo, men går med tankar om å flytte heim til Gudbrandsdalen. Skal det kunne skje må det stå fem dagars skuleveke på menyen for dei framtidige ungane. Det gjer det ikkje no.

– Eg vil flytte tilbake, men for meg er dette eit hinder. Me klarer det ikkje økonomisk å gå deltid. Me er avhengige av fem dagars skuleveke, seier Eilev Øyjordet Rossehaug.

Utfordrande for familieplanlegging

På Loar skule i Lom har elevane fri på onsdagar. Dei siste åra har det ikkje vore onsdags-SFO då det har vore for få påmelde. Det gjer at foreldre må ordne barnepass eller jobbe i redusert stilling.

Eilev er lærar og Andrea er barnehagelærar og pedagog. Begge seier dei er avhengige av, og fast bestemte på, at dei må ha hundre prosent stilling dersom dei skulle ha flytta frå Oslo.

– Me kan ikkje vere fleksible og ha fri eller gå deltid onsdagen. Det er ikkje praktisk mogleg, seier Rossehaug.

Dersom dei får barn vil dei i byrjinga kunne ha dei i barnehagen fem dagar i veka. Likevel synest dei det er synd dersom ein av dei kanskje må redusere stillingsprosenten når dei startar på skulen.

– Ofte er det kanskje dama som er heime, og tenkjer ein litt lenger så taper ein faktisk pensjon på det, seier Andrea Abrahamsen.

Julelys i Lom

LOM: Her bur det litt over 2000 folk. Mange av foreldra må jobbe deltid sidan dei minste ungane ikkje er på skulen på onsdagar.

Foto: Ola Gjeilo, Lom

Fryktar mindre tilflytting

Herdis Kvamme er kommunalsjef for oppvekst i Lom. Ho er redd dette står i vegen for dei som vil flytte dit utan nettverk.

– Me må ha slike ordningar at folk kan komme hit og jobbe full jobb utan å ha eit nettverk eller besteforeldre. Det betyr nok ganske mykje, seier Kvamme.

Herdis Kvamme er kommunalsjef for oppvekst i Lom

BEKYMRA: Herdis Kvamme vil ikkje at firedagarsskule skal vere grunnen til at unge ikkje vil bu i Lom.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ho blir ekstra bekymra når ho ser på folketalsutviklinga i bygda.

– Når ein ser på det så har me ikkje råd til å miste nokon. Me kan ikkje ha ordningar som gjer at folk ikkje flyttar hit, seier ho.

– Investering i ungane

Trebarnsmora Mari Sveen Steinehaugen sende den eldste jenta si på skulen for første gong i haust. Ho er veldig nøgd med å få vere heime med ungane kvar onsdag.

– Eg trur alle som har små ungar kjenner på tidspresset. Vi får gjort mykje vi kanskje ikkje får gjort i helgene, seier ho.

Mari Sveen Steinehaugen

TAP: Steinehaugen har respekt for at andre må jobbe onsdagane, men seier det for ho ville det vere eit tap dersom Lom hadde innført femdagarsskule. – Det vil kanskje føre til at dei minste må vere full veke i barnehagen, så det ville vore sårt, seier ho.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ho og mannen løyser det med at dei fordeler jobbing og fri mellom seg og seier det går opp i opp. Sveen Steinehaugen vil ikkje miste fridagen midt i veka.

– Eg ser på det å vere heime med ungane ein dag i veka som ei investering. At vi vel tid framfor kroner og øre, seier trebarnsmora.

Skulen ynskjer femdagarsskule

Forskingsinstituttet Norce har gjort ei kartlegging av konsekvensar av fire dagar skule i nokre kommunar i landet.

– Det me ser no med tanke på koronaviruset er at skulen som arena er veldig sentral. Det understrekar òg kor viktig det er å ha ein skule som er tilgjengeleg gjennom heile veka, seier Øyvind Helland frå Norce.

Rektor på Loar skule i Lom, Kari Anne Skjaak, meiner det er gode grunnar for at også dei minste elevane skal gå på skulen alle kvardagar.

Rektor Kari Anne Skjaak på Loar skule i Lom

VIKTIG: Rektor Kari Anne Skjaak seier det har blitt forska mykje på byrjaropplæring, og at det har kome fram at elevane bør lære to til tre bokstavar i veka, og at dei bør skrive kvar dag. Difor meiner ho femdagarsskule er betre enn firedagarsskule.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det meiner ho er viktig for at ungane skal få god kontinuitet og god byrjaropplæring. Og at ein då får nytta tida tidleg på dagen når det er best å lære for små ungar.

– Me vil ha elevar som er godt rusta etter at dei er ferdige med opplæringa i første og andre klasse, slik at dei slepp å bruke så mykje tid på den opplæring frå tredjeklasse og utover. Og at me slepp å ha så mykje spesialpedagogikk utover i skuleløpet, seier Skjaak.

Blir truleg ikkje Lom

Sjølv om saknet etter fjellet og heimbygda er stort for Rossehaug, så er planen no å vere i Oslo nokre år til.

Dersom det ikkje vert femdagarsskule i Lom hamnar dei to truleg til slutt i Sandefjord, der Andrea kjem frå.

Der er det, i motsetnad til i Lom, full skuleveke.

– Eg trur det hindrar folk som oss som er avhengige av heiltidsjobbar å flytte til Lom. Det er negativt med tanke på notida og på framtida for innbyggjartalet der, seier Rossehaug.

Flere saker fra Innlandet