Hopp til innhold

- Blir gal av ventinga

Palestinaren Tahseen Muhaisen har filma korleis det er å vere asylsøkjar i Noreg.

Tahseen Muhaisen flyktet fra Gaza.

Tahseen Muhaisen vil setje fokus på tilstandane i sitt heimland Palestina.

Foto: Anne Marie Hvattum, NRK

Den 40 år gamle Tahseen flykta frå Palestina, og hamna etterkvart på asylmottak i Drevsjø. Nå bur han i Gran og jobbar ved Brandbu kino som kinomaskinist.

Han har dokumentert korleis hans reise har vore, frå dagleglivet i Palestina til livet på asylmottaket på Drevsjø.

- Eg har laga filmen for regjeringen, politikarane og for alle som vil vite korleis det er å vere flyktning i Noreg.

- Gal av ventinga

Tahseen Muhaisen

Tahseen Muhaisen flykta frå Palestina til Noreg.

Foto: Frå filmen "søker Oslo"

Filmen Tahseen Muhaisen har laga har premiere på Brandbu kino i kveld. Han hadde mange timar med råstoff, fyrst frå Gaza før han reiste og deretter mange timar film som skildrar hans inntrykk av Noreg.

Sluttresultatet er ein film på 40 minutt, og har fått namnet "søker Oslo".

Muhaisen understrekar at han har vore heldig under sitt opphald i Noreg. Han fekk opphaldsløyve etter seks månader i landet, flytta til Gran og fekk seg etter kvart arbeid. Men livet som ny i Noreg var ikkje berre enkelt.

- Det største problemet som asylsøkjar er at det tek så lang tid. Ein blir heilt gal av ventinga, seier han.

Han håpar også at filmen hans kan setje fokus på tilhøva i hans heimland Palestina.

- Noreg og regjeringen må gjere noko. Det er folk som drep kvarandre. Heile verda må reagere for å stoppe krigshandlingane.

Flere saker fra Innlandet