Hopp til innhold

Oppfordring til norsk ungdom: – Innsjå kor privilegerte de er

Filippinske Arizza Nocum (23) meiner norske ungdommar kan gjere meir i kampen for ytringsfridom.

wexfo

FREDSARBEID: 23 år gamle Arizza Nocum frå Filippinane vaks opp med muslimsk mor og kristen far. I heimlandet har det vore store konfliktar mellom dei to kulturane. Harmonien dei skapte i heimen hennar ville ho ta med seg i fredsarbeidet.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Kvar dag på denne konferansen har eg tenkt; Kva meir kan eg gjere? Det er så mange med så lite rettigheiter.

Arizza Nocum kom til Noreg for å delta på ytringsfridomskonferansen WEXFO (World Expression Forum) for nokre dagar sidan. Og ho har danna seg eit inntrykk av korleis ungdom har det i Noreg.

Ho seier at ho blir sjalu.

Over infrastrukturen, omtanken folket har for klimaet, den sosiale støtta ein har og demokratiet.

23-åringen er klar i oppmodinga til dei norske ungdommane ho møter.

wexfo

KONFERANSE: Arizza Nocum snakka på scena under WEXFO om at unge bør få ein plass rundt bordet. Ho seier ho sjølv er blitt inspirert så langt i konferansen. – Kvar dag i denne konferansen har eg tenkt: kva meir kan eg gjere. Det er så mange med så lite rettigheiter. Eg føler eg er så privilegert, seier ho.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Desse ungdommane er så privilegerte. Vær så snill å innsjå at du har dette privilegiet. Du kjem frå eit land med eit demokratisk styre. Der det er lite truslar mot ytringsfridomen din. Du kjem frå eit land som støttar deg frå du er født til du dør. Dette er ein posisjon med ansvar.

Arizza Nocum driv organisasjonen KRIS i heimlandet. Dei jobbar for fred, og med å trene unge filippinarar til å bli fredsarbeidarar og bruke stemma si.

Inspirert

Snorre Fostervoll går i tiande klasse og er ein av dei som arrangerer festivalen. Han er medlem av WEXFO og ungdomsrådet i Lillehammer.

Han seier unge skal kunne utforske ytringsfridomen sin under festivalen.

Poenget er å gi ungdom tilgang til stemma for å bli høyrt av dei vaksne. At dei skal vite at dei har retten til å bli høyrt. Ungdom er ofte dei som blir oversett sjølv om vi har mykje godt å komme med, seier 16-åringen.

wexfo

INSPIRERT: 16 år gamle Snorre Fostervoll møtte Arizza Nocum i Lillehammer. Dei diskuterte arbeidet 23-åringen gjer for fred og ytringsfridom i heimlandet.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Han lét seg inspirere av arbeidet til den filippinske 23-åringen.

Eg synest det er ekstremt spennande å møte folk som er vakse opp på andre stader, som har andre erfaringar. Berre det konseptet ho har er berre så «wow».

Les også Svitlana Valko forstår ukrainarane som boikotta Litteraturfestival

Svitlana Valko

Ytringsfridom i fare

Folk frå heile verda samlast på konferansen i Lillehammer. Over 60 aktivistar står på programmet.

Og ungdommar frå 16 land står bak WEXFO Youth, der dei unge kan møtes og snakke om ytringsfridom og korleis dei kan bruke stemma si.

Arizza Nocum fortel at på Filippinane har dei moglegheita til å ytre seg. Men ytringsfridomen er stadig i fare.

– Det er trugslar mot journalistar, aktivistar, ungdomsleiarar og organisasjonar som gjer viktig arbeid. Det er fysiske truslar, til og med drap. Men også truslar på internett. Det er noko vi slit med.

wexfo
Foto: Arne Sørenes / NRK

Og i Noreg ber ho om at dei unge som skal vekse opp som leiarar i framtida gjer meir.

At unge folk frå Noreg kan gjere meir for å hjelpe ytringsfridomen i andre land. Og andre unge som lir. Vit at det du gjer her i Noreg kjem til å ha noko å seie for andre land. De kan gjere meir, seier ho.

Les også Hets og hat på nett: – Det går på friheten vår

Fazila Aminzai

Flere saker fra Innlandet