Hopp til innhold

Landsfestival i gammaldansmusikk

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er i gong i Løten, og sidan festivalen byrja i 1986, er det fyrste gong at den vert arrangert i Hedmark. Og gammaldansmusikken fengar òg dei unge.

Landsfestival i gammaldansmusikk

Dorte Nilssen og Isa Roll Guldbrandsen går for NM-tittel.

Foto: Halvor Mykleby / NRK

Dei to jentene frå Hedmark juniorspellmannslag nyttar tida på Landsfestival i gammaldansmusikk til å øve på felene sine.

– Det er moro, seier Isa Roll Gulbrandsen og får medhald av vennina si.

– Veldig gøy, seier Dorte Nilssen.

– Me berre spelar og kosar oss, legg Isa til.

  • Sjå saka her:
    Landsfestivalen i gammaldansmusikk er i gang i Løten, og siden festivalen begynte i 1986, er det første gangen den arrangeres i Hedmark. Og gammaldansmusikken fenger også de unge.

    Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert i år arrangert i Løten.

Går for NM-tittel

Nicoline Hofgaard

Nicoline Hofgaard spelar på vaskebrett.

Foto: Halvor Mykleby / NRK

Begge to har spelt lenge, trass i at dei berre er 11 og 10 år gamle.

– Eg og mamma var på ein konsert ein gong, og då hadde eg veldig lyst å spele slik som dei gjorde på den konserten, og då vart eg liksom inspirert då, seier Isa.

– Eg har vore på kappleik og slikt heile livet omtrent, så det har vore veldig mange som har spelt fele rundt meg, seier Dorte.

– Det har sett veldig gøy ut, så då prøvde eg, fortel ho.

Laurdag skal dei konkurrere, og dei siktar mot NM-tittel.

– Me håpar me vinn, seier Isa.

Offisielt NM

Vaskebrett

Vaskebrett kan òg vera instrument når det skal spelast opp til gammaldans.

Foto: Halvor Mykleby / NRK

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er offisielt NM i dans og spel, og festivalen samlar rundt tusen musikarar frå heile landet. Nokon har med orginale instrument.

– Vaskebrett har eg med, og eg trur eg er den einaste eg har sett som har det nokon sinne, seier Nicoline Hogaard som spelar i Snaustrinda spelemannslag.

Ho deltok med spelemannslaget ho er med i på festivalen.

– Me var med, og me tykkjer me gjorde det bra, seier ho og legg til at det var målet deira.

Og om det å vinne eller delta er det viktigaste, så har festivalleiaren følgjande svar.

– Konkurranseinstinktet finst, sjølvsagt gjer det det, men det primære er stemninga, møteplassen og miljøet, seier Stig Nilssen som er leiar for Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Flere saker fra Innlandet