Musikken i forestillinga Boogie Nights består av kjende hits frå 70-talet.
Arrangøren reklamerer med at det blir vanskeleg å halde dansefoten i ro under forestillinga.
Sprudlande ungdom
Det er i alle fall ingen tvil om at glam-faktoren er høg når heile 70 ungdommar frå Gudbrandsdalen trår til på scenen i Otta kulturhus.
Kommunane Sel, Vågå og Dovre står for framsyninga av musikalen.
Det blir reklamert med eit show med fengande discorytmer frå 70-talet, med mykje humor og ungdommar som sprudler på scenen.
Musikalen har premiere fredag 8/4, og skal også visast i Maihaugsalen på Lillehammer i slutten av april.