Den 48 år gamle mannen frå Toten vart for 9 år sidan frikjend for ei incestanklage mot si eiga dotter. Men Høgsterett avviste erstatningssaka han køyrde mot påtalemyndigheitane.
Følte seg rettsforfølgt
Saman med far sin vart mannen frå Toten rettsforfølgt og skulda for incest mot eigen dotter.
Men, Eidisvating lagmannsrett meinte prov mot totningen ikkje var gode nok og fant ham ikkje skuldig i incest då dei handsama saka sommaren 1994.
Mannen følte seg dermed rettsforfølgt utan grunn, ville ha erstatning, og køyrte saka til Høgsterett. Der vart erstatningssaka avvist i januar året etter.
Får 60 000 i erstatning
Men totningen gjekk vidare til menneskerettsdomstolen som altså etter meir enn sju år har gjeve dommen sin i dag.
Totningen får 7900 Euro, eller nesten 60 tusen norske kroner, i erstatning og til saksomkostnader.