Nå kan alle paprikahatarar sleppe å starte måltidet med å pirke av dei raude bitane.
Foto: Thore Alnes / Thore Alnes- Dette er ein jubeldag for oss som har plukka vekk paprikaen frå pizzaen i alle år, seier Joakim Fossum Strugstad frå Hamar til
.Han har stått i spissen for å få fjerna den raude grønsaken frå landets mest populære ferdigpizza.
Han starta ei Facebook- og Nettbygruppe på internett, og fekk støtte frå over 2000 medlemmar.
Gav etter for presset
Til slutt vart presset så stort at Stabburet valte å gje etter. Om eit par veker kjem ein ny variant, utan paprika.
- I fyrste omgang skal den vere på markedet fram til 1.mai, for å teste om kravet er så massivt som aksjonistane skal ha det til, seier informasjonsleiar Inger Marie F. Ingdahl hjå Stabburet til avisa.
Fossum Strugstad seier at det har vore ein lang og hard kamp for å få Stabburet til å fjerne paprikaen.
- I starten, for to år sidan, fekk vi ein lunken respons frå Stabburet, fortel han.
Han har ete to-tre Grandiosaer i veka i fleire år, og må alltid starte måltidet med å pirke av paprikaen.
- Den er ikkje god. Den passar rett og slett ikkje på pizzaen.
Nå er det berre glede å spore ved matbordet til Joakim Fossum Strugstad, som gler seg stort på nyvinninga. Han trur deira gjennomslag kan gjere det lettare også for andre som vil endre på sine favorittmatvarer.
- Når vi nå har klart å overtale Stabburet, trur eg dette vil føre til liknande krav mot matprodusentar, seier Joakim Fossum Strugstad.