Hopp til innhold

Øyvind gjorde eit historisk myntfunn: – Ei ære

Ein spesiell 500 år gammal mynt vart funnen på eit jorde i Innlandet. – Svært sjeldan, seier professor.­

Øyvind Arnestad Nilsen

LEITAR: Øyvind Arnestad Nilsen leitar etter skattar under bakken. I oktober gjorde han eit historisk funn i Gudbrandsdalen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Opplevinga av å finne i brikke i den rike kulturhistoria vår er ei ære, seier Øyvind Arnestad Nilsen fra Egersund.

På eit jorde ved Steig gard i Gudbrandsdalen fann Nilsen det som skulle vise seg å bli eit av dei beste funna hans til no.

Ein mynt, av typen dobbelhvid i sølv. Men utan kongehovud eller andre kongelege symbol som elles prega myntane

– Det er ikkje berre mitt funn, men ei felles velsigning for alle i dette landet, seier metalldetektoristen frå Rogaland.

Myntfunn

Mynten som vart funne er svært sjeldan, ifølgje arkeologen.

Foto: Frode Meskau / NRK

Stor historisk verdi

Noko av det som skil denne mynten frå andre myntar, er at den stammar frå ei svært avgrensa epoke – då det ikkje var nokon konge som styrte landet.

– Den historiske verdien til denne mynten er enorm, seier May-Tove Smiseth, arkeolog i Innlandet fylkeskommune.

Det er stort sett kongen som har hatt einerett på å slå, eller lage, mynt.

Penger

Noregs Bank tok over ansvaret for myntvesenet og drifta av Den Kongelege Mynt frå Finansdepartementet i 1962. Kongen har historisk hatt einerett i å prege myntar. På dagens 10- og 20-kroningar er det eit portrett av kong Harald.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Men i eit drygt år, frå 14. april 1523 til 6. august 1524, sto Noreg utan konge etter at Christian II, konge av Danmark, Noreg og Sverige vart avsett ved eit opprør.

Då bestemte den danske slottsherren Hans Mule seg for å slå mynt på Akershus festning.

Mynten han slo var dobbelhvid i sølv – den typen som vart funnen i Gudbrandsdalen no i haust.

Myntfunn

– Det er veldig bra at myntar blir plukka opp av matjorda og redda inn. Det er i siste liten denne vart funnen, når vi ser korleis den har blitt behandla i matjorda, seier arkeolog May-Tove Smiseth.

Foto: Frode Meskau / NRK

Kor mange myntar Mule slo, er det ingen som veit, men truleg var det eit fåtal.

– Dei myntane finn vi nesten ingen av. Dei forsvinn jo, vart handla bort eller smelta om. Dette er ein av få som har dukka opp hos oss, seier Smiseth.

– Svært sjeldan

No skal mynten vidare til Kulturhistorisk museum i Oslo.

Der er Svein Harald Gullbekk professor. Han omtalar myntfunnet som interessant.

– Det er svært sjeldan vi får inn slike dobbelhvider, seier han.

Han veit om ein slik mynt frå før av. Den vart selt på ein auksjon i fjor for 140 000 norske kroner. Dette eksemplaret stamma frå Adler Pedersen, ein kjend dansk myntsamlar si samling.

Svein Harald Gullbekk
Professor - Avdeling for numismatikk og klassisk arkeologi

Professor ved Kulturhistorisk museum i Oslo (UiO), Svein Harald Gullbekk.

Foto: UiO

Gullbekk strekar under at det finst fleire døme på at andre enn kongen har slått mynt i Noreg.

Mellom anna gav hertug Skule Bårdsson ut mynt saman med barnekongen Håkon Håkonsson mot slutten av 1210-åra. Seinare på 1200-talet gav hertug Håkon ut mynt ei eige namn. Det same gjorde norske erkebiskopar på 1200-talet og i seinmellomalderen.

Historisk plass

Korleis denne sjeldne mynten hamna 250 kilometer frå Akershus festning og på eit jorde på Steig gard er det ingen som veit.

Garden har spelt ei stor historisk rolle og vart for første gong nemnd i snorresagaen. Den har også vore kongsgard i fleire hundre år.

For 13 generasjonar kjøpte slekta til Karen Elise Steig garden. Ho bur på garden i dag, saman med August Johan Evensen.

Steig gard, Karen Elise Steig og August Johan Evensen

Karen Elise Steig og August Johan Evensen eig den historiske garden Steig gard.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Eg synest det er veldig artig at det blir funne slike ting her. Det er spesielt å få det framfor seg og faktisk sjå at det har vore nokon her for mange hundre år sidan, seier Steig.

– Vi hadde aldri trudd det skulle vere noko så spennande. Vi såg for oss eit lite fragment, men så var det ein mynt, og ikkje kva mynt som helst, seier Evensen.

Ifølgje historia budde det ein lagmann på garden i perioden då den sjeldne mynten vart slått. Han sat i riksrådet og var med å styre landet.

Myntfunn Steig gard

Det er gjort mange myntfunn på garden i Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Om myntane er yngre enn frå 1650, får dei stort sett behalde myntane sjølve.

Foto: Frode Meskau / NRK

Leitar vidare

Trass i eit svært sjeldan funn, kjem metalldetektorist Øyvind Arnestad Nilsen til å fortsette jakta på historiske gjenstandar under bakken.

– Lysten og trongen til å gå ut på jorda igjen er like stor, seier han.

Øyvind Arnestad Nilsen

Øyvind Arnestad Nilsen kjem til å fortsette å leite etter skattar under bakken. Ein dag håpar han at han finn ein gullmynt.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I to år har han søkt med metalldetektor. På den tida har han kunne krysse av mange gjenstandar han berre kunne drøymt om å finne.

Men ein ting står att.

– Ein gullmynt. Det hadde vore ei fantastisk oppleving. Vi får sjå kor mange månader eller år det skal gå før eg finn det, seier Nilsen.

Les også Aldri funnet så mange gullbiter på ett sted i Norge: – Sjeldent at det blir gjort slike funn

Gullfigur fra utgravninger på Vingrom i Lillehammer

Les også Erlend fant århundrets gullskatt i Norge

Gullfunnet ble levert hos 
Arkeologisk museum ved 
Universitetet i Stavanger dagen 
etter at det ble funnet.

Flere saker fra Innlandet

Silje Skrove Paulsen ser ned Sjoaelva fra en kajakk hun sitter på i skogkanten.

Ny kartlegging skapar uro: – Den nasjonale skatten vår

IMG_5715

I dette yrket er det vanskelig å ta ferie: – På sommeren har vi aldri fri