Hopp til innhold

Låven som overlevde svartedauden

Hedmarks fyrste tømmerhus frå middelalderen er funne.

Låve frå 1300-talet

Denne låven stammar frå 1300-talet

Foto: Bjørn Anders Sørli / NRK

Det var tidlegare i sommar det vart oppdaga at det utgamle uthuset på Flisa i Åsnes stamma frå 1300-talet.

Tidlegare har det vore funne åtte tømmerhus frå før 1650 i Hedmark, men ingen av desse var frå middelalderen.

Findalshogg

Det var Jan Michael Stornes frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) som fann den gamle låven.

- Eg skjønte at bygningen var frå før 1350 da eg sjekka lafteteknikken. Den viste at det var brukt såkalla "findalshogg", ein teknikk som ikkje er kjent brukt etter svartedauden, seier Stornes.

Han meiner at det berre er funne to låvar frå før 1350 i Noreg tidlegare, og at desse ligg i Valle i Setesdal.

Video nsps_upload_2009_9_2_17_59_53_554.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Utruleg spanande

- For oss i Hedmark er hus frå 1600-talet sjeldan. Derfor er det spanande at det er funne ei bygning som er fleire hundre år eldre enn dette, seier antikvar Jorunn Gunnestad i Hedmark fylkeskommune.

Ho seier at dei nå skal teikne og måle opp den gamle låven, for å dokumentere teknikken som er brukt.

- Dette kan setje bygningsarven vår i eit nytt ljos, både fagleg og i folks medvit, seier Gunnestad.

Gammal låve på Flisa

Jan Michael Stornes studerer korleis dei lafta på 1300-talet.

Foto: Bjørn Anders Sørli

Flere saker fra Innlandet