Hopp til innhold

Fann biltjuv med helikopter

I ettermiddag etterlyste politiet ein raud Volvo XC 70 som var stole frå Bruvold i Nord-Odal. Biltjuven køyrte av vegen, og bilen vart funne ved hjelp av gps. Biltjuven stakk til skogs og det vart søkt etter han med politihelikopter og hundar. Mannen i 20-åra vart pågripe ved ei hytte ved Odalsvegen kl. 16.50. Den pågripne er heimehøyrande i Trysil. Han er no mistenkt for biltjuveri og hytteinnbrot, seier Trond Sulen hjå politiet i Hedmark

Laster Twitter-innhold

Flere saker fra Innlandet