Hopp til innhold

Fakkeltog for Rosemarie

Mange hadde møtt opp for å takke av Rosemarie Köhn da ho satte punktum for si bispegjerning i dag. Dagen vart markert med gudsteneste og fakkeltog.

Fakkeltog for Rosemarie
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Gudstenesta starta i Domkyrkja der Norge og Nordens fyrste kvinnelege biskop starta si bispegjerning i 1993. Blant dei som hadde møtt opp var Hamars nye biskop, Solveig Fiske, og tidlegare stortingsrepresentant Marit Tingelstad.

Turen gjekk deretter gjennom byen og vidare langs Mjøsa til Hamardomen på Domkirkeodden. Undervegs var det kulturelle innslag for å sette stemninga blant dei vandrande.

Rosemarie Köhn i Hamardomen.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Høgtidleg

Vel framme på Domkirkeodden møtte Köhn folket som kom frå vandring. Ho fekk nemleg bilskyss frå Domkyrkja til Hamardomen. Også tidlegare på dagen fekk Köhn klar beskjed om å kvile av sine tilsette på bispekontoret.

Men i kveld var det altså høgtideleg festgudstjeneste. Hamardomen var pynta med blomster og kvite lys. Blant gjestene var også ein litt forsinka kyrkjeminister Trond Giske. I si helsing til biskopen takka statsråden for det motet ho har vist som biskop.

- Fordi du turte å gå først, kan mange andre følge etter. Takk for alt du har gjort for kirka, sa Giske.

Biskop Rosemarie Köhn og Kultur- og kirkeminister Trond Giske
Foto: NRK: Anne Næsheim

Köhns åtte draumer

- Eg blir litt rørt. Dette er litt rart når ein har vore i eit arbeide i så mange år, men slik er det for alle når dei slutter i arbeidslivet, sa Köhn til NRK under fakkeltoget.

I si tale la Köhn vekt på det ho kaller sine åtte draumer. Desse går blant anna ut på å gjere kyrkja meir tilgjengeleg for alle.

Flere saker fra Innlandet