13 politiske parti i Hedmark stiller liste ved Stortingsvalet til hausten.
Det er heile fem parti færre enn ved stortingsvalet for fire år sidan.
Eitt nytt parti i Hedmark
Demokratene er det einaste nye partiet som er valbart i Hedmark.
Ved førre val kunne hedmarkingane også stemme på Miljøpartiet de grønne, Naturlovpartiet, Fedrelandspartiet, Det Liberale Folkeparti, Norsk Folkeparti og Det Politiske Parti.
Denne gongen stiller ingen av desse partia liste.
14 lister i Oppland
I Oppland stiller 14 politiske parti liste ved Stortingsvalget i år.
Det er tre færre parti enn ved valet for fire år sidan.
Trass i tilbakegang i talet på lister, kan Opplands-veljarane stemme på to nye parti ved dette valet.
Fem ut, to inn
Dei to er Demokratene og Reformpartiet.
Fem partier som var valbare ved førre stortingsval stiller ikkje liste i år.
Det er Det Politiske Parti, Fedrelandspartiet, Norges kommunistiske parti, Opplandslista og Norsk Folkeparti.