Hopp til innhold

Birkebeinarane unngjekk møkka i år

I fjor fekk mange syklistar diarè på grunn av gjørme og dyremøkk i løypa under Birkebeinerrittet. I år har arrangørane fått svært få varsel om sjuke birkebeinarar.

Birkebeinerrittet 2010

Det virkar som om færre har vorte sjuke av Birkebeinergjørma i år enn i fjor.

Foto: Reidar Kjæstad/NRK

Mykje tydar på at birkebeinergjørma var meir helsebringande i år enn i fjor. For medan tusenvis vart liggjande med kraftig diarè etter fjorårets "møkkaritt", tyder mykje på at situasjonen er langt betre i år.

– I fjor var det utruleg mange som ringte og sendte mail om at dei heldt til på do. Det nærmast eksploderte tysdag og onsdag etter rittet, seier dagleg leiar Tone Lien.

Årsaka var at mange hadde fått i seg gjørme og dyremøkk.

Ifølgje Folkehelseinstituttet og Aftenposten førte dette til at over 3.000 vart sjuke og at arbeidsgjevarane deira tapte nærmare 7 millionar kroner.

Følgde gode råd

Birkebeinerrittet 2010

Mykje tydar på at gjørma var langt meir helsebringande og oppkvikkande i år enn i fjor. Det ser i allefall slik ut på denne deltakaren.

Foto: Reidar Kjæstad/NRK

I år har dei magesjuke birkebeinarane glimra med sitt fråvær.

– Eg trur det er mange som har høyrt på råda vi kom med før rittet. Dei har teke på skjermar, spytta ut den fyrste slurken på flaska og brukt camelback.

Samtidig var det truleg færre dyr langs løypa i år, noko som førte til at gjørma inneheldt mindre dyremøkk.

– Eg veit at det vart sanka ein del dyr før rittet, så det var nok færre dyr ute nå, seier Tone Lien.

I løpet av dei komande vekene skal Folkehelseinstituttet gjennomføre ei undersøking av deltakarane for å kartleggje kor mange som vart sjuke av rittet i år.