- Det var ei dramatisk oppleving, seier Anne-Lise Marstein. Familien hennar måtte evakuerast frå bustaden sin på morgonkvisten.
Jordraset heldt på å rive med seg ei bru, og oppsynsmann Einar Randen i Mesta seier han ikkje har sett større ras i Lom i seinare tid.
- Skrekkoppleving
Familien til Anne-Lise Marstein vakna av buldring frå elva klokka 06 torsdag morgon.
- Vi måtte rive ungane ut av senga da vi såg elvemassane nærma seg huset, seier Marstein.
Ho fortel at store mengder jord, stein, tre og lastebilar kom nedover elveløpet.
- Eg håpar eg aldri får oppleva noko slik att, seier Marstein.
Bru tatt av flom Bøverdalen
Utan veg
Minst ein gard i Bøverdalen skal vera utan vatn.
Men riksveg 55 mellom Lom og grensa til Sogn og Fjordane er nå opna med manuell dirigering.
Flaumen på retur
Fredag formiddag er flaumen på retur i Oppland.
Framleis er fylkesvei 293 i Vang i Valdres, sør for Eidsbru og ved Ryfoss, og fylkesvei 485 ved Gjøingsli bru stengd på grunn av skader.