Hopp til innhold

Ettergjev Dampsaga-gjeld

Eit par som bur i Dampsaga burettslag i Lillehammer får ettergjeve eit lån på 602 000 kroner i DNB Nor.

Dampsaga borettslag
Foto: Arne Sørenes / NRK

Det stadfestar informasjonsdirektør i DNB Nor, Aud-Helen Rasmussen.

Førre veke vart det klart at Bankklagenemnda råda banken til å slette lånet til sambuarparet, som fekk eit lån på mellom fem og seks gonger forventa inntekt.

Tek sjølkritikk

Bankane har ei klar plikt til å vurdere betalingsevna til den enkelte lånetakar, og til å informere klart om kva slags risiko ein tek ved å gå inn i ulike typer borettslag.

Saka om Dampsaga burettslag i Lillehammer har utvikla seg til å bli ein skandale, der kombinasjonen mellom låge innskot og høg fellesgjeld har vorte reine gjeldsbomber for fleire av bebuarane. DnB Nor tek nå sjølkritikk, seier Aud-Helen Rasmussen.

- I den konkrete saka med dette sambuarparet ser vi at vi burde fråråda paret til å gå inn i burettslaget. Dermed blir det naturleg for oss å følgje Bankklagenemnda si uttaling i denne saka, seier ho.

Vil sjå på dei andre sakene

DNB Nor vil nå sjå på sakene til dei andre som har gått inn i Dampsaga med lån frå deira bank.

- Når det gjeld dei 13 andre lånetakarane, så har vi vore i dialog med alle saman, seier Rasmussen.

Ho fortel at dei i løpet av dei neste vekene vil gå inn i alle sakene saman med kundane, for å finne ei løysing alle partar kan vere tilfreds med.

- Ingen av desse sakene er like, og vi vil saman med den enkelte kunde finne løysingar som er i tråd med avgjerda i Bankklagenemnda, seier Aud-Helen Rasmussen i DNB Nor.