Mann skal ha blitt halde fanga i fleire timar

Politiet etterforskar ein mogleg trusselsituasjon på Vinstra i Gudbrandsdalen. Dei ber om tips frå publikum, og meiner det ikkje er fare for andre i lokalmiljøet.

TRUSSELSITUASJON: Ein mann vart halde ufrivillig i fleire timar i Vinstra.

Politiet melder at mannen skal ha blitt halde ufrivillig frå klokka 07 om morgonen til 15 på ettermiddagen 30. november.

Lensmannen seier mannen vart teke med av nokon andre, og at dei difor kallar dette for ein gisselsituasjon.

– Vi har ingen mistenkte eller arresterte. Det er derfor vi ber publikum om hjelp for å finne ut kva dette er, seier Jon Reidar Gaarden, som er lensmann.

Gaarden seier mannen som vart teke heller ikkje har opplysningar om kven som kan ha gjort dette. Politiet vil ikkje seie noko om kor mange som eventuelt står bak.

Ber om tips

Politiet seier saka blir høgt prioritert og dei vil ha tips frå folk som kan ha sett noko. Dei ber dei som har bilete og video frå dashbordkamera i bilane sine tipse om dei køyrde på gamle E6 mellom Vinstra og Kvam mellom klokka 07 og 08 måndag morgon.

Dei vil også vite om nokon såg parkerte bilar langs Baksidevegen mellom Kvam og Sjoa i løpet av dagen.

– Vi vil vite om nokon har lagt merke til noko spesielt på dei strekningane, seier Jon Reidar Gaarden.

Lensmann i Midt-Gudbrandsdal, Jon Gaarden.

ETTERFORSKING: Lensmann, Jon Reidar Gaarden vil ikkje ut med så mange opplysningar før dei har etterforska saka meir.

Foto: Geir Randby / NRK

Førebels er ingen teke eller sikta for dette. Politiet seier dei er sikre på at dette er eit enkelttilfelle og at det ikkje er fare for andre folk på Vinstra.

– Vi har ingen grunn til å tru at andre kan bli utsett for noko, seier Gaarden.

Mannen som vart halde fanga er ikkje skadd og blir teke hand om.

– Personen som vart utsett for dette er i tryggleik, så det er ikkje fare for at det skjer noko meir, seier Gaarden.

Etterforskar saka

Gaarden seier det mest truleg har skjedd ein gisselsituasjon her.

– Det er derfor vi vil ha opplysningar frå publikum, om det er nokon som har sett noko. Så kan vi finne ut kva som faktisk har skjedd her, seier han.

Lensmannen vil ikkje seie noko om kven personen som vart halde som gissel er, eller omstenda rundt gisselsituasjonen.

Dei skal etterforske saka vidare for å finne ut kva som kan ha skjedd.

– Vi må ta det alvorleg i starten og eventuelt avdekke om det er andre ting som kan peike mot noko anna, seier lensmannen.