– Det er betydeleg med snø på taket her, seier turistvert Råmund Mundhjeld ved Sognefjellshytta.
Han har vore vert ved Sognefjellshytta i 20 år, og seier han aldri har sett så mykje snø på Sognefjellet som no. Det gjer at han har litt å drive med, trass koronapandemi og ein stille vintersesong.
– Me må nok gjere ein god jobb uansett her, for å måke fram og stelle pent med husa våre. For det er tøft å vere hus på 1400 meters høgde, seier han.
MYKJE SNØ: Turistvert Råmund Mundhjeld ved Sognefjellshytta har ikkje sett så mykje snø på Sognefjellet som det er no.
Foto: Even Lusæter / NRKMykje snø kan gi flaum
Norges vassdrag- og energidirektorat oppdaterte sin vårflaumanalyse 16. april, og skriv at det mange stader er det større sannsyn enn normalt for at det skal bli stor vårflaum, grunna store snømengder i høgda.
Med stor vårflaum meinast det flaum på oransje nivå, det nest høgaste varslingsnivået til NVE. Dette gjeld for flaumar som kan gje alvorlege skader.
Med åtte meter høge brøytekantar på Sognefjellet er jobben med å grave fram vegen stor. No jobbar brøytemannskapet ekstra lange dagar for å prøve å rekke opninga av vegen den første mai.
HØGE BRØYTEKANTAR: Kristian Byre anslår at det er om lag sju-åtte meter med snø på innerkanten. Han trur maskina rekk ni meter opp.
Foto: Even Lusæter / NRK– Dei øvste halvannan til to metrane har vore lause, men frå der og ned er det knadd hardt. Ein må grave seg aldeles ned på asfalten for at fresen skal klare det, seier maskinførar Torstein Nordal.
Om dei klarar fristen første mai, veit han ikkje.
– Det er ikkje godt å seie, spørst om utstyret held, seier Nordal.
Sjå sak med dei høge brøytekantane:
BRØYTAR STORE MENGDER: Brøytemannskapet jobbar ekstra lange dagar for å prøve å rekke opninga av vegen den 1. mai.
Meiner kommunar må førebu seg
Kommuneingeniør i Kongsvinger, og visepresident i NITO, Kjetil Lein seier kommunar i utsette område må førebu seg ekstra godt på flaum i vår.
Dette fordi det ved tidlegare flaumar har skjedd at vegar har blitt stengde og uframkommelege.
FØREBU SEG: Kommuneingeniør i Kongsvinger, og visepresident i NITO, Kjetil Lein oppmodar kommunar om å førebu seg på vårflaum.
Foto: NITO– Det er jo utruleg kritisk viss personar med samfunnskritisk jobb ikkje kjem seg til og frå arbeidet fordi vegen blir stengt, seier Lein.
– Kommunane har også eit potensial på å samarbeide tett og godt med Statens vegvesen og fylkeskommunen for å hindre at vegar blir stengde, seier han.
- LES OGSÅ:
FLAUM: Flaum på Flisa 29. aug. 2019. Kanskje må fleire no førebu seg på liknande flaum.
Foto: Kenneth Mellem / GlåmdalenHar tappa ned Mjøsa
Stig Morten Løken er dagleg leiar i Hafslund E-CO Innlandet. Dei har 52 kraftverk i Innlandet, og totalt 91 i Sør-Noreg.
Løken seier dei er så førebudde som dei kan vere på å ta imot smeltevatn frå dei store mengdene snø som er i fjellet no. Dei tappar ned vatnet veldig både i Gudbrandsdalslågen og i Mjøsa.
NEDTAPPA: Sandbankane ved Vingnesbrua i Lillehammer våren 2020. Gudbrandsdalslågen og Mjøsa tappast kraftig ned for å gi plass til flaumvatn.
Foto: Ole Martin Sponberg / NRK– Me har tappa ned det som me har av magasinkapasitet. Me tappar ned mykje for å gi plass til vatnet og for å vere førebudd på ein mogleg flaumsituasjon. Dette vil vere heilt avhengig av kva slags smelteforløp me får gjennom våren, seier Løken.
– Me tappar ned så det er tomt, og noko meir enn det får me ikkje tappa ned. Me tappar så mykje me kan ha lov til å tappe, seier han.
FØREBUDD: Stig Morten Løken som er dagleg leiar i Hafslund E-CO Innlandet seier dei er førebudde på mykje smeltevatn med ei heilt nedtappa Mjøsa.
Foto: Ole Martin Sponberg / NRKAt dei no tappar mykje vatn gjer at dei får produsert mykje straum, og straumprisane for kundane blir låge. Når det fyllast opp att med smeltevatn blir det ein periode med låg pris, omtrent på nivå med slik det er i dag. Dersom det etter det blir tørkesommar vil prisane auke.
– Er det ekstraordinært i år, slik du ser det, frå dykkar side?
– Det er mykje snø i fjellet og lite snø i låglandet, sånn at me har ein potensiell flaumsituasjon. Det er vel det me kan seie på noverande tidspunkt, seier Løken.
Førebur seg
Fleire førebur seg også på dei eventuelle vårflaumane som kan kome, og då også forsikringsselskapet Gjensidige.
– Me har vore tidleg ute med å førebu mogleg utrulling av konteinarar, pumper, og lenseutstyr, dersom det skulle bli behov for det. Slik er me rigga til å kunne rulle ut på kort varsel, dersom det skulle bli eit behov, seier leiar for Skadeinnkjøp Eiendom Per Christian Lygård i Gjensidige.
For å hindre store flaumskadar hjå privatpersonar har hydrolog Inger Karin Engen ved flaumvarslingstenesta i NVE råd.
FLYTT UNNA: Hydrolog Inger Karin Engen ved flaumvarslingstenesta i NVE råder alle til å flytte unna verdifulle gjenstandar.
Foto: Stig Storheil / NVE– Eit viktig tiltak er å flytte alle verdiar og lause gjenstandar bort frå område som kan bli oversumt. Dette dreiar seg blant anna om køyretøy, campingvogner, anleggsmaskiner, rundballar, plast og anna avfall, seier Engen.
– Andre viktige tiltak er å opne og reinse avløpsvegar som stikkrenner og kummar, for å sikre at vatnet får fri passasje når det ventast snøsmelting eller regn, seier ho.
- LES OGSÅ: