– Eg må innrømme at eg ikkje liker den frasen.
Det seier psykologspesialist Marie Theisen. Ho meiner uttrykket antydar at kvar enkelt sjølv har det fulle ansvaret for eigen lykke.
– Nokre av oss kan kanskje gjere noko for å få ein litt betre dag, men det er også alt vi kan gjere.
– Det er lov å vere eit heilt menneske
Theisen meiner det er viktig å hugse at forhold utanfor den enkelte også påverkar om dagen blir god.
Til dømes arbeidssituasjonen, korleis familien fungerer, krig, ulykker eller sjukdom.
- Nederst i artikkelen: Si di meining om uttrykket «lag ein god dag»!
Og for nokon kan uttrykket «lag ein god dag» vere belastande, meiner Theisen.
– Mange kan kjenne seg mislykka når dei høyrer denne frasen, fordi dei ikkje får til å lage seg ein god dag.
Theisen er oppteken av det ikkje alltid er nok å tenkje positivt eller å øve på å handtere stress. For nokre gonger er ting som dei er.
– Når ein då reagerer med å bli sint, trist, redd eller skuffa, fordi ein lever i noko som er vondt eller vanskeleg, så er det ikkje fordi du er dårleg til å takle livet ditt.
Samtidig er ho open for at det kan tolkast ulikt kva som er ein «god dag».
– Viss «lag ein god dag» betyr å tole å vere i dagen din, å ha ein ærleg dag, så er det litt lettare.
HEILT MENNESKE: Psykolog Marie Theisen seier at ulike kjensler hjelper oss til dømes å handle, søkje støtte eller ta det litt rolegare. – Så i staden for å lage seg ein god dag, så tenkjer eg det er viktigare å seie at det er lov til å vere eit heilt menneske.
Foto: PrivatDjupare meining
16-åringane Iris Olsen Bakke og Mie Tollan Raaum seier dei trur det har ein «djupare meining» når nokon seier «lag ein god dag».
– Du har ansvaret for di eiga lykke. Du kan sjølv velje å sjå ting positivt eller negativt, seier Olsen Bakke.
Samtidig er jentene veldig klare på at det er mykje som ikkje er eins eiga skuld. Dei er samde om at i nokre situasjonar så kan «lag ein god dag» gjere dei sure og irriterte.
– Det spørst litt når ein seier det. Viss det har skjedd noko veldig tragisk og nokon seier «lag deg ein god dag!» så er ikkje det akkurat så hyggjeleg, seier Tollan Raaum.
Dei to 16-åringane meiner det er mykje som det ikkje går an å endre på. Og dei vil ikkje dytte bort alt som er negativt.
– Det er veldig mykje som berre er negativt, som du berre må kjenne på for at ting skal bli positivt igjen.
HØYRER DET HEILE TIDA: Iris Olsen Bakke og Mie Tollum Raaum seier dei høyrer «lag ein god dag» heile tida. Dei fortel at dei kan bli litt lei av å høyre det, men dei trur at det er godt meint.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKKva helsing likar du sjølv best å få?
Å vere ærleg med seg sjølv
Ein av dei som aktivt bruker frasen «lag ein god dag» er Øystein Pettersen. Han jobbar som foredragshaldar og motiverer sine vel 100 000 følgjarar på Instagram.
Pettersen kan smykke seg med internasjonale skimedaljar, og han har ein andreplass i Mesternes mester frå 2020.
Livet har også bode på motgang – både profesjonelt og for Pettersen privat.
– Det er ikkje slik at eg går rundt og tenkjer at alt vil ordne seg, eller berre tenk positivt, så vil det endre situasjonen du står i.
For ein god dag betyr ikkje berre lykke, eller at det ikkje er rom for vanskelege kjensler, ifølgje Pettersen.
– Eg brenn veldig for å vere ærleg med meg sjølv, og kjenne etter når ting er bra og når ting er dårleg.
MEDVITNE VAL: Øystein Pettersen seier at han ønskjer å ta medvitne val i kvardagen. – Det å finne ut av korleis ein lagar best moglege dagar for seg sjølv, det vil aldri bli feil.
Foto: Emil Sjåstad NyengFor Pettersen handlar det mykje om tid – og om grensesetting.
Til dømes å ete middag med familien utan å la seg forstyrre, eller å gå ein lang skitur i ein elles hektisk kvardag.
– Vi må vere opne for at det å lage gode dagar, det vil vere veldig ulikt, 1) kva ein god dag inneheld og 2) korleis ein går fram.
Her kan du si di meining om uttrykket «lag ein god dag»!
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett