Hopp til innhold

Elg sette seg fast og døydde – Ber folk vurdere å sikre gjerda sine betre

Dette synet møtte ein skiløpar i Skjåk i helga. Skjåk allmenning seier dei ser dette årleg og vil gi folk tilskott til å sikre seg mot slike ulukker.

Elg i gjerde

DØD: Skjåk allmenning seier elgen har dårleg spenst, og at dei set seg fast i slike gjerde årleg.

Foto: Skjåk Almenning

– Dette er ikkje noko nytt tilfelle. Vi ser at det skjer frå år til år og gjerne kvart år eigentleg, seier Kristen Haugen Dagsgard i Skjåk Almenning.

Han seier både elgen og hjorten kan få trøbbel med å komme seg over slike type gjerde. Men at hjorten stort sett greier seg betre.

Kristen Haugen Dagsgard.

KALVANE MEST UTSETJE: Det er kalvane som er mest utsette for å sette seg fast i gjerde, seier utmarksrettleiar Kristen Haugen Dagsgard i Skjåk Almenning.

Foto: PRIVAT

– Elgen har prøvd å hoppe over gjerdet, så har den ikkje nok sats så den blir hengande mellom plankane til den svelt eller tørstar i hel, seier Haugen Dagsgard.

Tor Taraldsrud som er naturforvaltar i Skjåk i kommune seier at hovudregelen er at man setter opp gjerde der vilt ikkje kan sette seg fast.

– Eit gjerde som kan sjå ut som sikkert, kan likevel vere ei fare for viltet, seier Taraldsrud.

Også for han er det eit kjent problem at dyr set seg fast i gjerde og døyr.

– Kvart år har vi fleire slike tilfelle. Dessverre.

Taraldsrud vil ta kontakt med Mattilsynet og informere dei om saka.

Tilskot til forbetring

Haugen Dagsgard er utmarksrettleiar i Skjåk Almenning. Dei gir no tilskott til folk som har lyst til å forbetre gjerda sine.

– Det er så enkelt som at ein kan føre på ei topphindring. Anten ein bølgetråd eller at ein hevar den øvste slinda så ikkje bakparten på dyret blir hengande.

Det er dei med bruksrett i allmenningen som kan søke om tilskotet.

– Det som er feilen med slike tradisjonelle gjerde er at dei har den svakheita, seier han.

I dyrevelferdslova paragraf 15 står det: «Bygningar, gjerde og andre mindre innretningar skal utførast eller oppførast og haldast ved like slik at dyr ikkje utsettast for fare for unødige påkjenningar og belastningar.»

Og Mattilsynet seier dei får mange bekymringsmeldingar om dårlege gjerde.

– Det er vanleg saksgong, viss vi meiner at gjerde er for dårleg, er då at grunneigar får pålegg om utbetringar eller riving, seier Anne Andberg, avdelingssjef i Mattilsynet i Gudbrandsdal.

Ho kjenner ikkje til episoden frå Skjåk, og ønsker ikkje å kommentere den saka no.

Flere saker fra Innlandet