Hopp til innhold

Skulle elgen ha nye fliser til badet?

Laurdag ettermiddag fekk flisebutikken Norfloor på Lillehammer ein uvanleg kunde. Plutseleg stod ein elg inne på varelageret.

Ein elg sprang rett inn på varelageret til ein flisebutikk

FORTUSTA ELG: Ein elg sprang rett inn på varelageret til ein flisebutikk. Foto: Geir Randby/Hans Andreas Solbakken.

– Eg vart litt overraska da det plutseleg stod ein elg på varelageret vårt.

Det seier Thor Svendsen. Han er butikkmedarbeidar hjå Norfloor på Lillehammer.

Eit par minutt tidlegare var NRK-reporter Geir Randby på tur til nabobutikken Gausdal Landhandleri for hente seg nokre plankar. Han sat roleg i bilen sin, da den fortusta elgen plutseleg dukka opp.

– Han tok peiling rett inn på varelageret til flisebutikken, seier Randby som tok opp mobilen og filma det heile før han trekte seg unna.

Elg på flisehandel

FLISEHANDEL? Her står elgen inne på varelageret til flisebutikken Norfloor på Lillehammer.

Foto: Hans Andreas Solbakken / Hans Andreas Solbakken

45 minutt

Thor Svendsen fekk beskjed om at elgen stod inne blant flisene på varelageret da han som hadde hatt tidlegvakta i butikken skulle reise heim att.

– Da han skulle reise så såg han plutseleg ein elg som sprang inn på varelageret vårt.

Svendsen tok så turen ut på varelageret for å sjå kva for ein kunde dei hadde fått på besøk.

– Det var ikkje noko å bli skremd for. Elgen såg ganske roleg ut, men eg tok no eit bilete før eg trekte meg unna slik at elgen ikkje skulle bli meir skremd enn han måtte, seier han.

Thor Svendsen

UVANLEG DAG: Thor Svendsen fekk seg ein uvanleg dag på arbeid i flisebutikken Norfloor da ein elg kom på besøk.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Han fortel at elgen vart ståande om lag 45 minutt inne på varelageret. Sjølv trekte han seg unna og lét porten stå open i håp om att den spesielle kunden skulle reise att.

– Kanskje han hadde lyst på nye fliser?

– Ja, det skal du ikkje sjå burt ifrå. Vi har ein del gode tilbod no veit du, seier Svendsen mens han humrar godt.

Svendsen ringde viltnemnda slik at dei skulle kome å hjelpe han med å få elgen ut att frå varelageret. Men før dei rakk å kome så tok elgen plutseleg peiling ut att gjennom porten og sprang sin veg. Utan nye fliser.

– Han såg ikkje akkurat ut som den typiske kunden vi har her til vanleg. Så ein kan vel seie at dette var eit ganske så uvanleg besøk.

Flere saker fra Innlandet