Hopp til innhold

Ektepar funne døde

Eit ektepar i 40-årsalderen vart laurdag funne døde i ein campingbil i Etnedal.

Politiet trur dødsårsaka er propanlekkasje frå eit kjøleskap.

Ekteparet er frå Vestfold. Campingbilen stod parkert ved Gamlestølen, eit hytteområde rundt 1000 meter over havet. Dei to vart funne laurdag morgon, opplyser operasjonsleiar Marianne Brun ved Vestoppland politidistrikt til NTB.

Nesten sikre på dødsårsak

Endeleg dødsårsak er ikkje fastslått, men politiet trur ekteparet omkom som følgje av propanlekkasje frå eit kjøleskap i campingbilen.

- Vi er langt på veg sikre på at dette er dødsårsaka, seier Brun. - Propan er ein skummel gass som legg seg langs golvet. Det er ikkje lett å kjenne lukta når ein søv.

Campingbilen er nå taua inn for tekniske undersøkingar.

Flere saker fra Innlandet