Hopp til innhold
Låvetak i Hedalen blåste av i uværet Gyda.
Foto: Hege Breen Aspholt

Ekstremværet «Gyda» i Innlandet

Oppsummert

NVE har sendt ut flomvarsel på oransje nivå i nordvestlige deler av Innlandet. Har du bilder eller video fra uværet? Tips oss på innlandet@nrk.no eller på bidra.nrk.no

  • Framleis stengt over Strynefjellet

    Det er framleis fare for snøskred på Strynefjellet og vegen er stengt. Ei ny vurdering skjer rundt klokka 14.

    Det var regnvått og vindfullt på grensa mellom Vestland og Innlandet torsdag.

  • Fleire straumbrot

    Fleire har no mista straumen i Innlandet. Elvia kan melde om fleire ramma med 507 i Nord-Odal, 385 i Grue, 305 i Åsnes og 762 i Lillehammer kommune. Også i Vang er det eit område ved Tyinholmen og Eidsbugarden der bebuarane ikkje har straum. Vang Energi har meldt at dei ikkje kjem seg fram til området i natt grunna vêret.

Arne Sørenes rapporterer frå uveret.
Programleder: Marianne Duun Malmo

Flere saker fra Innlandet