Hopp til innhold

Ekstremtur i Jotunheimen tek av

Det er fleire år sidan ruta vart introdusert, men ekstremturen tek nå meir og meir over for den tradisjonelle hytte-til-hytteturismen.

Ei gruppe som går høgruta i Leirdalen med guide Sondre Kvambekk

POPULÆRT: Idéen om Høgruta vart skapt av Stian Hagen framfor peisen i Leirvassbu. Ekstremruta, som blei introdusert i 2012, ser nå ut til å ta over for den tradisjonelle hytte-til-hytteturismen. I staden for å gå etter ei kvista løype nede i dalen, går stadig fleire frå hytte til hytte via Noregs høgste fjell.

Foto: Mari Arnøygard Wedum

Høgruta i Jotunheimen er laga etter modell frå Haute Route i alpane, og kryssar Jotunheimen frå aust til vest.

Ruta går over fem dagar og går via ei perlerad av Nord-Europas høgaste fjell.

I år opplever både guidar og turisthyttene i Jotunheimen ein veldig stor etterspurnad frå folk som vil prøve seg på den populære fjellturen.

Ole Jacob Grindvold er vertskap på Leirvassbu. Han fortel at det har vore ein enorm vekst berre i år.

I 2014 var det rundt 50 personar som gjekk Høgruta. I år er det langt over 400, ifølgje Grindvold.

høgruta

HØGRUTA: Det var skikøyrar Stian Hagen som lanserte ideen om ei norsk utgåve av Haute Route i 2012. I 2015 gav han ut ei bok som heiter Høgruta i Jotunheimen, 5 dager på alpin skitur i Norges høyeste fjell.

Foto: UT.no/Statens kartverk

Fyrste gruppe ut

I helga opna dei fleste turisthyttene i Jotunheimen, og det betyr høgsesong for dei som vil gå høgt og bratt.

Ekstremruta, som blei introdusert i 2012, ser nå ut til å ta over for den tradisjonelle hytte-til-hytteturismen. I staden for å gå etter ei kvista løype nede i dalen, går stadig fleire frå hytte til hytte via Noregs høgste fjell.

Sondre Kvambekk er fjellguide og trur den store etterspørselen i år kjem som ein konsekvens av koronatida.

– Mange har fått auga opp for eige land og set kanskje enda meir pris på å få vera ute. Så eg trur det har gjort interessa for Høgruta enda større, seier han.

Kvambekk er nå på tur gjennom Jotunheimen med det som truleg er vinterens fyrste guida gruppe.

Sondre Kvambekk guidar høgruta i Jotunheimen

ERFAREN: Sondre Kvambekk er Tindevegleiar. Han har mellom anna gått på alle toppene i Hurrungane på eitt døgn og hatt rekord på Høgruta i Jotunheimen. Som 19-åring blei han tidenes yngste til å bestige alle Norges 376 fjelltopper over 2000 meter. Nå er han guide og driv selskapet 500 fjell.

Foto: Even Lusæter / NRK

Høgsesongen for høgruta tek til når hyttene opnar i slutten av mars, og til slutten av april.

På fem dagar skal deltakarane gå nesten 90 kilometer og 7500 høgdemeter på ski.

– I år har vi hatt veldig mykje etterspørsel etter denne turen her. Det er veldig populært. Her får du både utsikt og morosam nedkøyring i tillegg til den tradisjonelle hytte-til-hytte-opplevinga, seier Kvambekk.

Fleire av deltakarane seier dei har gått litt frå hytte til hytte tidlegare, men at dei nå ynskjer seg meir spenning.

– Eg hadde lyst på ein fjelltur som var rå og spektakulær, og så er det moro med det alpine preget på det, litt meir fart og spenning, seier ein av dei fem turdeltakarane, Berit Strand.

Les også Rekordrask over toppen av Norge

Sondre Kvambekk Galdhøpiggen

Vil gå med guide

– Eg har vore veldig nervøs, smiler Marthe Risøy.

Ho går turen med far, og er veldig glad for å gå med guide som gjer sikkerheitsvurderingar på ver, ruteval og snøskred.

Høgrutaturistar i Leirdalen

TURIST: Marthe Risøy går Høgruta i Jotunheimen, slik fleire og fleire har begynt med no.

Foto: Even Lusæter / NRK

Fjellguide Sondre Kvambekk trur mange kan klare å gjennomføre høgruta, men seier det er viktig å vera i god form og kjenne utstyret ein skal bruke.

Mange guidefirma tilbyr høgruta-turen, og det er vanleg at guidar tilpassar rutevalet etter ver og føreforhold.

Høgrutaturistar utanfor Leirvassbu 2022
Foto: Mari Arnøygard Wedum

Sondre Kvambekk trur talet på turistar som går høgruta gjennom Jotunheimen vil halde fram å vekse.

– Vi har set ein klar vekst dei siste åra, så eg ser for meg at dette vil berre bli større år for år.

Enorme endringar

– Høgrutaturismen betyr enormt mykje for oss. På vinterstid er det desse gjestene som er grunnlaget for at vi held ope før og etter påske, seier turistvert i Glitterheim, Knut Vole.

Randonee, også kalla alpine turski, dominerer nå utanfor hytteveggen på turisthyttene i Jotunheimen. Men verten i Glitterheim hugsar fyrste gongen han såg utstyret på 1990-talet.

– Det kom ei gruppe med seks franskmenn med korte stavar og alpine turski. Alle på turisthytta gjekk ut i peisestua for å sjå på dei, for vi tykte det var så merkeleg, smiler Vole.

I påskene på 1990-talet var det rundt 150 personar som flytta seg mellom hyttene i Jotunheimen kvar dag. Og alle gjekk på fjellski.

Knut Vole, turistvert i Glitterheim. Fotografert utanfor huset sitt i Lom.

TURISTVERT: Vole stussa fyrste gongen han såg randoneeski utanfor turisthytta. – No er det nesten så vi stussar når vi ser fjellski, seier han.

Foto: Even Lusæter / NRK

– I 2019 var det kanskje fem, og dei gjekk på randoneeski, seier Knut Vole.

Turistverten i Glitterheim seier at det har vorte langt mellom dei tradisjonelle fjellskia.

– Det er framleis folk som går frå hytte til hytte på fjellski, men av dei som går Høgruta og fjelltoppar er det i all hovudsak randonee som blir brukt.

Les også Heile furutre blir berande element i turisthytte under Galdhøpiggen

Åtte gamle furutre skal bera taket til den nye spisesalen på Raudbergstulen.

Flere saker fra Innlandet