Galdhøpiggen (foto: Scanpix)
Dei som har hatt sex på toppen av Galdhøpiggen har danna ein eksklusiv klubb, 2469-klubben, i følgje bladet Fjell og Vidde.
Det er nettopp Fjell og Vidde som har slått seg laus og kåra dei plassane i landet som det skal vera mest heftig å ha utandørs sex.
- Krev mykje innsats
- 2469-klubben er inspirert av den langt meir kjente mile-high-klubben, som er danna av frilynte flypassasjerar som tek seg fridomar på toalettet medan flyet er i lufta.
2469-klubben har langt færre medlemmar, ettersom denne hekkeplassen ligg langt utanfor allfarveg og krev mykje meir innsats før målet er nådd, seier Jørgen Vole, som fører turistar til topps på Galdhøpiggen.
Her er resten av lista:
2. Nasjonalfjellet Stetind i Nordland
3. Fotturklassikaren Aurlandsdalen
4. Dei sjølvbetjente hyttene til Turistforeininga
5. Den såkalla "Brunstgropa" ved Liomseter i Gausdal Vestfjell.
6. Stølsheimen (mellom Bergensbanen i sør og Sognefjellet i nord).
7. Sognefjellet (når sola steikjer i mai).
8. Hardanger (under epleblomstringa).
9. Områda rundt Storseterfossen, Geiranger
10. Strendene i Lofoten, Vesterålen og på Senja.