Hopp til innhold

Mann sikta etter «mordbrannparagrafen» for brann i Ringsaker

Tre personar vart skadde i brannen. No kan mannen, som har tilstått, straffast med inntil 21 år i fengsel.

Brann YX Ringsaker

BRANN: Det var tidleg på morgonen at det begynte å brenne i bensinstasjonen. Det er fleire bustadar tett på.

Foto: HELLE THERESE KONGSRUD / NRK

Det var måndag morgon at det begynte å brenne ved bensinstasjonen på Nes i Ringsaker. Tre personar vart skadd i brannen og ein av dei vart sendt til Haukeland sjukehus.

No er ein mann i 30-åra sikta etter paragraf 355 «grov fremkalling av fare for allmennheten», også kjent som «mordbrannparagrafen».

Mannen har i avhør med politiet tilstått.

– Han er svært lei seg og langt nede, seier hans forsvarer, Frode Aabakk.

Etterforskar brannen

– Mannen er glad for at han fikk varsla dei andre som var i bygget, seier Aabakk.

Han vil ikkje seie noko om kvifor mannen tente på.

Mannen, som kan straffast med inntil 21 år i fengsel, vart gripen natt til tysdag og har vore i avhøyr i dag.

Etterforskingsleiaren seier den sikta har ei tilknyting til staden.

– Det er for tidleg å seie noko meir om bakgrunnen for pågripinga, seier politifagleg etterforskningsleiar Trond Blikstad.

Trond Blikstad, etterforskningsleder politiet

ØNSKER TIPS: Trond Blikstad ber publikum som kan ha sett noko ta kontakt med politiet.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Politiet jobbar med å finne ut kva som har skjedd og intervjuar mellom anna vitne. Kripos hjelper til og krimteknikarar undersøker staden.

– Vi ser svært alvorleg på dette, og det er derfor siktinga også er alvorleg.

Ifølgje Blikstad indikerte undersøkingane på åstaden tidleg at det kunne vere prat om ei straffbar handling.

– Med tanke på at det bur folk i bygningen, og at det var opplagt farepotensial med ein brann i ein bensinstasjon, vart det naturlegvis sett av store ressursar til denne saka, seier etterforskingsleiaren.

Det var dette som leda til pågripinga i natt.

Ønsker hjelp frå publikum

Politiet ber også om at publikum som kan ha sett noko tar kontakt med dei.

Sidan brannen skjedde på bensinstasjon med gass og drivstoff knytt til bygget vart naboar bedt om å halde seg minst 300 meter unna den første tida.

Det vart oppheva då brannvesenet begynte og få kontroll.

Ein person vart også evakuert. Tre personar vart først sendt til sjukehus for sjekk.

Seinare vart ein av dei sendt til Haukeland i Bergen.

– Vi har heldigvis fått opplyst frå Haukeland at det etter forholda ser ut til å gå bra med personen, seier Blikstad.

brann ringsaker

RØYK: Det var stor røykutvikling under brannen og naboar vart bedt om å lukke vindauge og dører.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet