Ein person er sikta etter valdshending på Sjusjøen

Tre personar vart sendt til sjukehus etter ei alvorleg valdshending på ei hytte. Politiet har sikta ein av dei tre skadde for grov kroppsskade.

Storåsen på Sjusjøen

STORÅSEN: Valdshendinga skjedde i eit hyttefelt på Storåsen på Sjusjøen i Innlandet.

Foto: Aslak Woo Ravlum / NRK

Politiet rykka ut til hendinga rundt klokka 16.30 fredag kveld, saman med ambulanse og brannvesenet.

– På ei privat adresse fann vi tre stykk inne. Alle var skadde, seier operasjonsleiar, Sidsel Svarstad i politiet.

Ei jente i tenåra, ein voksen mann og ei voksen kvinne var involverte. Mannen, som er i 50-åra er sikta i saka.

Den vaksne kvinna, som også er i 50-åra er sendt til Ullevål i luftambulanse. Dei tre involverte har nær relasjon til kvarandre. Ingen er livstrugande skadde, skriv politiet i ei pressemelding.

Alvorleg hending

Politiet seier det er snakk om ei alvorleg valdshending, men veit ikkje sikkert kva som er skjedd.

Personen som har status som arrestert, er sikta for grov kroppsskade. Svarstad fortel at siktinga skjer på bakgrunn av samtalar dei har hatt med partane.

Vidare blir det ei brei etterforsking og politiet vil avhøyre dei involverte så fort det let seg gjere.

Politiet seier det ikkje er grunn til å tru at nokon andre har vore involvert i hendinga.

– Så vidt vi veit er det ingen andre enn dei tre på den adressa og vi har ingen informasjon om at det har vore nokon andre på plassen, seier Svarstad.

VALD: Politi, ambulanse og brann rykka ut til hendinga som skjedde på ei hytte.