Hopp til innhold

Ein person er død etter ei ulukke på Vinstra

Ein person døydde i ei ulukke med motorsykkel på Vinstra. Ulukka skjedde like ved eit motocrossenter.

Ulykke på Vinstra

UNDERSØKINGAR: Politiet har kopla inn kriminalteknikarar for å få greie på kva som har skjedd.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Politiet fekk melding om ulukka like ved Vinstra Motorcrossenter i 16.30-tida laurdag. Både politi, ambulanse og luftambulanse kom raskt til staden.

Personen blei erklært død på staden av ein lege. Dei pårørande er varsla.

– Den omkomne er ein mann i 40-åra. Dei pårørande er blitt varsla av politiet, seier Bård Einar Hoft i politiet.

Kriminalteknikarar undersøkte åstaden laurdag kveld, for å få greie på kva som har skjedd.

Ulykke med vanleg motorsykkel

Den omkomne var den einaste som var involvert i ulukka. Ulukka skjedde på ein tilførselsveg inn til motocrossbanen og ikkje på sjølve arenaen, fortel politiet.

Politiet skildra først ulukka som ein motocrossulykke inne på sportssenteret.

Seinare vart det brakt på det reine at det dreidde seg om ein ulykke med vanleg motorsykkel på ein tilførselsveg.

Dei gjennomførte avhøyr av vitne på staden laurdag kveld. Bård Einar Hoft i politiet seier dei held fram med avhøyr dei neste dagane.

Dei kan ikkje seie meir no om kva som skjedde eller kva som var årsaka til ulukka.

  • Les meir om hendingar i Innlandet her:

Flere saker fra Innlandet