Bortsett frå den obligatoriske jegerprøva som ein tek ein gong i livet, er det ikkje noko skytetrening frå småviltjegarar.
Mange gir blaffen i å trene med børsa før jakta startar.
I verste fall kan det føre til alvorlege ulykker og skadeskotne dyr.
- Fornuftig
Men i Vang Almenning i Hedmark derimot; der må alle ha skote minst 30 skot på bane før dei får jaktkort.
- Dette er fornuftig, og sjølv har eg skote hundrevis av skot før jakta for å vera godt førebudd, seier rypejegeren Lena Engstrøm.
- Årsaka er at ein vil unngå ulykker, seier leiar i Vang jakt- og fiskeforening, JFF, Svein Arve Pedersen.
Dei eldre mest kritiske
Seinast på det siste landsmøtet i Norges Jeger- og fiskeforbund vart eit forslag om obligatorisk skytetrening før småviltjakta avvist. Eitt argument var at det finns for få baner.
- Det er ikkje noko godt argument, meiner Pedersen.
Oscar Nilssen er skyteinstruktør og ivrig jeger. Han prøvde for nokre år sidan å innføre obligatorisk skytetrening før småviltjakta i Løten. Men der måtte dei gje opp.
- Det er særleg dei eldre jegerane som tykte dette var tull, og meinte dei kunne dette med skyting og jakt, fortel Nilssen.
Mindre skadeskyting
Mange tek ikkje børsa ut av skapet før den dagen jakta start.
- Men det er klart ein treng trening sjølv om ein ikkje trur det sjølv, seier Pedersen i Vang JFF.
Førebels er det berre Vang som krev trening for småviltjegarar, mens storviltjegarane har hatt årleg jaktprøve i 20 år.
- Det har resultert i at skadeskytinga går ned, meiner Oscar Nilssen.
- Hagla er like farleg som alle andre våpen, så skytetreninga burde vera obligatorisk, meiner Lena Engstrøm.
Trur skytetreninga kjem
Leiar i jaktskyteutvalet i Oppland, Aage Kjonerud, er einig i at det er dei mest erfarne jegerane som er kritiske til skytetreninga.
- Det er nok den eldre generasjonen som er mot obligatorisk skytetrening, trur Kjonerud.
Han har personleg fått oppringingar frå ein sint jeger, som meinte skyteprøver berre er tull.
- Men dei yngre er svært positive, seier Kjonerud.
- Det går på sikkerheit. Både for å unngå ulykker, men også for å unngå skadeskyting, eller veta kva ein skal gjera dersom ein lyt avlive eit skadd dyr, seier Kjonerud.
Han trur debatten om obligatorisk skyteprøve kjem att, og da trur han på fleirtal.