Døydde under lærekøyring

Ei kvinne i 40-åra omkom fredag formiddag i forbindelse med lærekøyring. Ulukka skjedde på Statens vegvesen sitt område i Hunndalen i Gjøvik.

MC-ulykke Gjøvik

OMKOM: Ei kvinne omkom under lærekøyring i Hunndalen i Gjøvik.

Foto: Geir Berhard Randby / NRK

Ulukka skal ha skjedd like etter klokka ti fredag. Kvinna blei erklært død på staden.

Ifølgje politiet skjedde ulukka i forbindelse med køyreopplæring på tung motorsykkel på Statens vegvesen sitt område i Hunndalen.

Den omkomne var elev ved ein køyreskule i området.

– Det skal ha vore ei utforkøyring ned ein skrent i forbindelse med køyregardsopplæring på eit lukka område, seier innsatsleiar Eirik Grimstad.

Laster Twitter-innhold

Arbeider på staden

Politiet gjer no tekniske undersøkingar og vitneavhøyr på staden.

– Vi har etterforskarar og kriminalteknikarar på staden som ser på detaljar rundt uhellet. Det er ei singelulukke, seier operasjonsleiar Per Solberg.

Arbeidstilsynet og ei ulukkesanalysegruppe frå Statens vegvesen er også til stades.

– Vi har inspektørar som er på synfaring på staden. Så vil vi følgje opp og ha kontakt med verksemda i form av eit tilsyn, seier fungerande seksjonsleiar i Arbeidstilsynet, Marit Torsvik.

Statens vegvesen sin trafikkstasjon i Hunndalen tilbyr mellom anna køyretøykontroll, teoriprøver og oppkøyring.

NRK har kontakta Statens vegvesen, som henviser til politiet og ikkje ønsker å kommentere hendinga.

OMKOM: Ei kvinne omkom under lærekøyring i Hunndalen i Gjøvik.