Bedrifta Burøy AS vart slått konkurs i 1991, og eigaren Inge Burøy meiner banken tvang gjennom konkursen på sviktande grunnlag.
Informasjonsdirektør Morten Skauge i DNB Nor meiner saka vil koma i eit heilt anna ljos når ho blir behandla i retten.
Klagar på einsidig sak
- Brennpunkt hadde ei einsidig framstilling av saka, meiner Skauge. Han legg til at banken vil koma fram med synet sitt både i forliksrådet og ei eventuell rettssak.
DNB Nor nekta å kommentere saka til NRK-journalist Dag Kessel som laga Brennpunkt-reportasja.
Massiv støtte
Inge Burøy har fått mykje støtte etter tv-reportasja måndag.
- Eg fekk sikkert 50 telefonar tysdag, fortel han.
Inge Burøy går til sivilt søksmål mot DNB NOR. Partane i saka er innkalla til møte i forliksrådet i Oslo i slutten av mai.