Du kan ikkje lenger ta toget Oslo-Stockholm via Kongsvinger.
Det er klart etter eit møte mellom NSB og Svänska Järnvägar onsdag.
Ikkje økonomisk forsvarleg
Dermed er 133 år med togtrafikk mellom to skandinaviske hovadstadar historie.
- Årsaka er at økonomien ikkje går i hop, seier informasjonssjef Audun Tjomsland i NSB.
- Det er ikkje mogleg å lenger ha tog på denne strekninga, seier Tjomsland.
Inga løysing
Dermed blir flytrafikken og buss dei einaste måtane å reise kollektiv på mellom Oslo og Stockholm.
Audun Tjomsland.
Men NSB hevdar at nedlegginga av Stockholmstoget ikkje skal vera ein trussel mot resten av rutetilbodet på Kongsvingerbanen.
Tjomsland stadfestar at dei har vore i kontakt med både politikarar, samt andre aktuelle samarbeidspartar som kunne bidra til at toget framleis skulle kunne gå mellom dei to hovudstadane, men utan at det har ført fram.