Det blir norske jordbær i år – men færre og dyrare

GJØVIK (NRK): Det var lenge tvil om det ville bli norske jordbær i butikkane i år. No ser det lyst ut, men du må rekne med færre og dyrare bær.

Jordbær

JORDBÆRSESONG: Det nærmar seg jordbærsesong i Innlandet. I år kan vi forvente oss færre og dyrare jordbær grunna koronasituasjonen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Vi må satse på norske jordbær i butikkane, heilt klart.

Det seier bærprodusent og leiar i Noregs bærdyrkarlag, Olav Etnestad.

Om vêret held seg stabilt, vil det om ein månads tid vere fleire tonn med jordbær på åkeren hans i Redalen utanfor Gjøvik.

Vanlegvis blir desse jordbæra plukka av utanlandske sesongarbeidarar.

Grunna reiserestriksjonar har det vore vanskeleg for fleire bønder å få tak i nok arbeidskraft.

Færre og dyrare

Også fylkesleiaren i Oppland bondelag kan bekrefte at det blir norske jordbær i butikkane i år. Men, det blir færre, og dei blir dyrare.

Kristina Hegge, leder Oppland Bondelag.

DYRARE Å PRODUSERE: Smitteverntiltak gjer det dyrare for bøndene å produsere og plukke bæra. Det gjer til at prisen aukar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Ja, det blir norske jordbær i år, men ikkje så mykje som det vanlegvis er. Det er nokre bønder som har redusert produksjonen. Men jordbær blir det, seier Kristina Hegge, fylkesleiar i Oppland bondelag.

Med mindre bær, går prisen opp.

Koronasituasjonen har gjort det dyrare å både produsere og hauste bæra.

– Smittevernutstyr kostar. Samtidig må dei gjere ting på ein meir tungvint måte. Arbeidsstokken skal delast opp på ein heilt annleis måte enn tidlegare, og ein må vere nøye med kven som omgåst med kvarandre i arbeidsstokken, seier Hegge.

Fem i kvart arbeidslag

14. mai la mattilsynet fram ein smittevernrettleiar for produksjon for frukt, bær, grønsaker og potetar.

Der står det blant anna at det skal vere arbeidslag på fem personar som jobbar saman.

Det får bærprodusenten i Redalen til å reagere.

Olav Etnestad, leder i Norges bærdyrkerlag

FÆRRE SESONGARBEIDARAR: Bærprodusent og leiar i Noregs bærdyrkarlag, Olav Etnestad, fortel at han har færre sesongarbeidarar i år enn til vanleg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det vi reagerer mest på, er at det norske samfunnet seier inntil 20 personar i ei gruppe, mens vi har fått beskjed om maks 5 i ei gruppe, seier Etnestad.

Det er også strenge restriksjonar på korleis sesongarbeidarane skal bu og kven dei skal omgåst med.

– Vi må gjere fleire grep når det gjeld rutinar i produksjonen og i bufasilitetane for arbeidarane.

I tillegg må han ha eit isolat tilgjengeleg dersom nokre av arbeidarane skulle bli sjuke.

Mogleg med sjølvplukk

Så lenge ein følgjer råd og føringar frå helsemyndigheitene kan bærprodusentar også nytte seg av sjølvplukk i år.

– Det er nok ingen sjølvfølge at det er enklare med sjølvplukk. Det er ikkje meir smittevernvenleg for å sei det sånn, seier Hegge.

Ho trur enkelte bærprodusentar vil få det til i år også, men for dei som er vane med å ha plukkarar er det ingen enklare løysing å velje sjølvplukk i år.

Olav Etnestad, leder i Norges bærdyrkerlag, i jordbæråkeren sin på Biri.

SJØLVPLUKK: Det er mogleg med sjølvplukk i år også så lenge råd og føringar frå helsemyndigheitene blir følgt. I åkeren til Olav Etnestad på Biri blir det neppe sjølvplukk.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Håpar på 65 tonn med jordbær

Etnestad har skaffa 30 sesongarbeidarar frå blant anna Vietnam, Litauen og Ukraina som skal plukke bær frå åkeren hans i sommar. Det er 10 færre enn vanlegvis.

– Det har vore lite interesse frå nordmenn til å hauste jordbær dei seinaste åra, seier Etnestad.

Denne sommaren er situasjonen annleis. For å få kabalen til å gå opp i år, skal også fem nordmenn arbeide for han gjennom Nav.

Etnestad håpar på å hauste 65 tonn med jordbær totalt i løpet av sommaren, men om han får plukka alle bæra i åkeren, tør han ikkje svare på endå.