Hopp til innhold

Derfor vart Sarromaa-notatet ei sak

KOMMENTAR: Denne veka har vi i NRK presentert innhaldet i eit internt brev sendt frå Venstrerepresentant Sanna Sarromaa til hennar kommunestyregruppe i Lillehammer. Nokon spør oss: Kvifor røper vi innhaldet i eit internt brev? Og kvifor gjer vi så stort nummer av at det er Sanna Sarromaa som har skrive det?

NOTAT: Kommune- og fylkestingspolitiker Sanna Sarromaa mente at en gutt med Downs syndrom og autisme

NOTAT: Kommune- og fylkestingspolitikar Sanna Sarromaa meinte at ein gut med Downs syndrom og autisme burde fjernast frå ordinær klasseromsundervisning. I dette notatet fortel ho om sitt syn til partifellene i Venstre.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I denne kommentaren forklarer distriktsredaktør Inger Johanne Solli kvifor NRK Hedmark og Oppland publiserte sakene om Sarromaa-notatet:

Nyheitsmedia skal, som det heiter i Vær Varsom-plakaten, ta vare på «viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.»

For å gjere denne jobben bruker vi ulike kjelder. Skriftlege og munnlege, offentlege og hemmelege dokument. Eit internt notat til ei partigruppe er ei heilt legitim kjelde. Skrivet frå Sarromaa og andre opne kjelder vi har i denne saka (lærar og rektor), dokumenterer korleis ei av våre folkevalde skaffar seg bakgrunn for eigne meiningar. Eit 15 minutt langt besøk i ei skuleklasse blir brukt som belegg for sterke meiningar om integrering. Sarromaa besøkte skulen saman med andre kommunepolitikarar.

Språket syner oss fram

Det andre vi finn interessant er språkbruken i brevet. Måten kommunepolitikaren Sanna Sarromaa karakteriserer klassesituasjonen, elevgrupper og enkeltelevar på er ikkje heilt vanleg. Ein politikar bør vite at språket syner oss fram.

Får brevet større merksemd fordi Sanna Sarromaa har skrive det? Sjølvsagt. Ho er ein usedvanleg profilert lokalpolitikar, og ho har markert seg som ei tydeleg nasjonal stemme i små og store saker. Veldig ofte her i NRK også. Kva ho seier og skriv blir lytta til og rekna med, noko eg vil tru er Sarromaa sitt eige mål og ønskje?

Tid til å svare

Det blir hevda at vi er ute etter "å ta" Sarromaa. Her er fakta: Vi tok kontakt med Sarromaa ei veke før vi publiserte saka og informerte henne om at vi hadde brevet og at far og lærarar stilte opp i eit innslag. Ho skulle få tilsvar. Ho var i utlandet og kunne ikkje stille da, så vi venta til ho var tilbake. Ho hadde altså god tid på å førebu seg til intervjuet.

Å debattere integrering i norsk skule er viktig. Vi i NRK har bidrege til at denne debatten nå går i norsk offentlegheit. Vi meiner at vi har arbeidd innafor dei presseetiske rammene.

Flere saker fra Innlandet